ℹ️ Historikk.com

Om heimesida

Historikk.com prøver å finne, sortere, arkivere og ta vare på Bergsøy-historia. Her finn du bakgrunnen for sida, bidragsytarar, historia bak prosjektet og automatisk utviklingsstatus.

2887 kampar i statusgrunnlaget akkurat no

Informasjon om heimesida

Historikk.com prøver å finne, sortere, arkivere og ta vare på historien – og det hadde ikkje vore mulig utan hjelp av viktige bidragsytere som har historie å dele, som vi kan scanne og ta vare på.

Johs Wike

Johs Wike

Mannen med stor historisk kunnskap bak boka «Idrett i havgapet» har vore ein god ressurs for Historikk.com. Johs har latt oss ta vare på historisk materiale og scanne mykje av det han har samla.

Johs «oversatte» også Den første møtebok, og står bak fleire av bøkene i Scanning-arkivet.

Mathias Pettersen

Mathias Pettersen

For oss vil arkivet for store delar kunne kallast «Mathias-arkivet». Mathias hadde ei stor samling av Bergsøy-permar som vi scanna, og over 750 dokument utgjer i dag ein stor del av vårt historiske arkiv frå 1944–1970.

I samlinga var også VHS-video av kampar frå den historiske 1981-sesongen.

Ruth Vestnes Frøystad

Ruth Vestnes Frøystad

Ruth gav oss tilgang til å scanne handball-spelarkorta som gjorde at vi kunne utarbeide adelskalender og målscorarliste for damelag i handball.

Handball-logo

Astrid Jensen

Astrid Jensen si handballsamling gjorde blant anna at vi kunne lage oversikt over Handballens Dag. Dei mange avisutklippa har også gitt større innblikk i fleire handballsesongar.

Ruben Kvalsvik

Ruben Kvalsvik

Historikk.com hadde ikkje Friidrett på plass før vi fekk tak i Ruben Kvalsvik. Han har hjelpt oss å finne materiale til resultatlister og rekordlister.

Fred Frantzen

Fred Frantzen

Vi har fått scanna Fred si eiga samling av fotballbøker, som gir eit flott innblikk i mange år av fotballhistoria til Bergsøy.

Spørsmål og svar

Kva er Historikk.com?

Ei heimeside som tek føre seg historie, med hovudvekt på Bergsøy Fotball, Bergsøy Handball og Bergsøy Friidrett. Målet er å kartlegge historia så langt det er mulig, og lage oversikter som målscorarlister, adelskalendrar og anna historisk statistikk.

Er det nødvendig?

Johs Wike si bok «Idrett i havgapet» er ei fantastisk bok om Bergsøy-historia. Ei nettside kan likevel fungere som eit levande oppslagsverk utan same sidebegrensing som ei bok, og kan oppdaterast fortløpande.

Historikk.com kan også samle kampreferat, målscorarlister, adelskalendrar, bilder, video og scanna materiale på ein måte som er lett å søke i.

Kva er målet til Historikk.com?

Å kartlegge og ta vare på historia vi finn, og gjere dette tilgjengelig for dei som ønsker å vite om den. Historikk.com skal fungere som eit arkiv og oppslagsverk for Bergsøy-historia.

Heimesida si historie

Historie

1. oktober 2002 laga eg (Steffen Helsem Kvalsund) mi første heimeside: «Bergsøy Fotball heimeside». Eg hadde eit PC-blad, «Hvordan lage en hjemmeside», og kasta meg ut i det.

Dette var før Facebook og dei fleste av dagens sosiale medier, og eg ville lage ein stad der Bergsøysupporterar kunne samlast også på nett. Eg laga mine eigne fotballbøker, og hadde desse ofte med meg på kampar så andre fekk sjå.

1. august 2003 blei adressa forandra frå den lange www.home.no/bergsoy/ til www.bergsoy.com. Fotballen.no hadde årlege kåringar av dei 100 beste fotballsidene i Norge, og beste plassering kom i 2005 då Bergsoy.com var Norges 8. beste fotballside.

Utvikling fram mot 2009

I 2008 starta eg å bygge hus på Hareid og blei pappa for første gang. Det vart ikkje like lett å drive ei oppdatert heimeside når eg ikkje lengre spelte på Bergsøy sjølv, eller budde i Herøy.

I ein periode hadde eg forandra heimesida slik at brukarane sjølv, som trenarar, kunne logge inn og oppdatere sine eigne lags sider. Etter kvart blei vi einige om at Bergsøy tok over nettsida bergsoy.com.

Historikk.com blei lansert i 2016

Interessa for historie var ikkje borte, og i 2016 tok eg eit nytt blikk på bergsoy.com. Eg ville berge restane av det eg i mi tid hadde skapt, og ta vare på informasjon og statistikk som var på veg å gå tapt.

Klubben hadde til dømes aldri hatt ei full målscorarliste eller ein fungerande adelskalender. Dette blei ein viktig del av Historikk.com.

Stor oppdatering juli 2021

I juli 2021 var Historikk.com klar i ny drakt. Sida blei delt i Historie, Fotball, Handball og Friidrett. Heimesida blei responsiv, og scanna handball- og friidrettsmateriale blei publisert.

Les meir om denne oppdateringa

Utviklinga av Bergsoy.com → Historikk.com

Nokre skjermbilete av korleis heimesida har utvikla seg gjennom åra.

2002 (Oktober)
Utviklinga
2002 (Oktober)
2002 (November)
Utviklinga
2002 (November)
2003 (Januar)
Utviklinga
2003 (Januar)
2004 (Juni)
Utviklinga
2004 (Juni)
2004 (Juni)
Utviklinga
2004 (Juni)
2005 (Februar)
Utviklinga
2005 (Februar)
2005 (Februar)
Utviklinga
2005 (Februar)
2005 (September)
Utviklinga
2005 (September)
2005 (September)
Utviklinga
2005 (September)
2006 (Juli)
Utviklinga
2006 (Juli)
2007 (Januar)
Utviklinga
2007 (Januar)
2009 (Februar)
Utviklinga
2009 (Februar)
2021 (April)
Utviklinga
2021 (April)
2021 (7. juli)
Utviklinga
2021 (7. juli)
2022 (27. november)
Utviklinga
2022 (27. november)
Arbeidskart for Historikk.com

Kor langt har sida kome?

Statusen blir rekna frå det som faktisk ligg i databasen. Berre målbare kontrollar tel i prosenten.

240sesongar kontrollerte
78sesongar
1god dekning
19ein del manglar
58mykje manglar
God dekning (85–100 % og ingen tabellavvik) Ein del manglar (50–84,9 %) Mykje manglar (under 50 %)
202675%Ein del manglar2025/2675%Ein del manglar2024/2554,6%Ein del manglar2023/202450%Ein del manglar2022/202343,8%Mykje manglar2021/202240,3%Mykje manglar202050%Ein del manglar2019/202050%Ein del manglar2018/201950%Ein del manglar2017/201848,9%Mykje manglar2016/201748,9%Mykje manglar2015/201650%Ein del manglar2014/201550%Ein del manglar2013/201446,6%Mykje manglar2012/201350%Ein del manglar2011/201250%Ein del manglar2010/201150%Ein del manglar2009/201044,8%Mykje manglar2008/200950%Ein del manglar2007/200850%Ein del manglar2006/200748,9%Mykje manglar2005/200650%Ein del manglar2004/200550%Ein del manglar2003/200449%Mykje manglar2002/200345,8%Mykje manglar2001/200245,5%Mykje manglar2000/20010%Mykje manglar1999/20000%Mykje manglar1998/19990%Mykje manglar1997/19980%Mykje manglar1996/199752,8%Ein del manglar1995/199636,5%Mykje manglar1994/199530%Mykje manglar1993/199452%Ein del manglar1992/19930%Mykje manglar1991/19920%Mykje manglar1990/19910%Mykje manglar1989/19900%Mykje manglar1988/198941,7%Mykje manglar1987/19880%Mykje manglar1986/19870%Mykje manglar1985/19860%Mykje manglar1984/19850%Mykje manglar1983/19840%Mykje manglar1982/19830%Mykje manglar1981/19820%Mykje manglar1980/19810%Mykje manglar1979/19800%Mykje manglar1978/19790%Mykje manglar1977/19780%Mykje manglar1976/19770%Mykje manglar1975/19760%Mykje manglar1974/19750%Mykje manglar1973/1974100%God dekning1972/19730%Mykje manglar1971/197254,2%Ein del manglar1970/19710%Mykje manglar19690%Mykje manglar19680%Mykje manglar19670%Mykje manglar19660%Mykje manglar19650%Mykje manglar19640%Mykje manglar19630%Mykje manglar19620%Mykje manglar19610%Mykje manglar19600%Mykje manglar19590%Mykje manglar19580%Mykje manglar19570%Mykje manglar19560%Mykje manglar19550%Mykje manglar19540%Mykje manglar19530%Mykje manglar19520%Mykje manglar19510%Mykje manglar19500%Mykje manglar19490%Mykje manglar
Mykje manglar

Handball damer – 1950

0%

Samla prosent er gjennomsnittet av kontrollane som kan målast for denne kategorien. Tabellavvik hindrar grøn status til avviket er avklart.

Kampdekning mot tabell

0 av 0

Tabellen har 0 kampar. Databasen har 0. Ein kamp som ikkje er registrert kan ikkje namngivast før vi veit kva kamp det er.
Kampar med resultat

0 av 0

Kampar med referat

0 av 0

Kampar med lagoppstilling

0 av 0

Kontroll mot serietabellen

FeltTabellKampdata
Kampar 0
Sigrar 0
Uavgjort 0
Tap 0
Mål for 0
Mål mot 0

Kva bør gjerast?

Ingen automatiske manglar funne.
Datakontroll og feilretting
frå status.php

Den detaljerte kontrollsida er framleis verktøyet for duplikate kampnummer, manglande dato/resultat/bane/dommar, ukjende målskårarar, mål utan hending, tabellavvik og spelaravvik.

Oversikta her viser framdrift. status.php viser radene som må rettast og bevarer handlinga «Ferdig utan hendelse».

Kan du hjelpe?

Manglar du ser her kan vere avisutklipp, kamplister, lagoppstillingar, målskårarar, spelarstatistikk eller bilde av tabellar.

Eg har informasjon som kan hjelpe