ℹ️ Historikk.com

Om heimesida

Historikk.com prøver å finne, sortere, arkivere og ta vare på Bergsøy-historia. Her finn du bakgrunnen for sida, bidragsytarar, historia bak prosjektet og automatisk utviklingsstatus.

2887 kampar i statusgrunnlaget akkurat no

Informasjon om heimesida

Historikk.com prøver å finne, sortere, arkivere og ta vare på historien – og det hadde ikkje vore mulig utan hjelp av viktige bidragsytere som har historie å dele, som vi kan scanne og ta vare på.

Johs Wike

Johs Wike

Mannen med stor historisk kunnskap bak boka «Idrett i havgapet» har vore ein god ressurs for Historikk.com. Johs har latt oss ta vare på historisk materiale og scanne mykje av det han har samla.

Johs «oversatte» også Den første møtebok, og står bak fleire av bøkene i Scanning-arkivet.

Mathias Pettersen

Mathias Pettersen

For oss vil arkivet for store delar kunne kallast «Mathias-arkivet». Mathias hadde ei stor samling av Bergsøy-permar som vi scanna, og over 750 dokument utgjer i dag ein stor del av vårt historiske arkiv frå 1944–1970.

I samlinga var også VHS-video av kampar frå den historiske 1981-sesongen.

Ruth Vestnes Frøystad

Ruth Vestnes Frøystad

Ruth gav oss tilgang til å scanne handball-spelarkorta som gjorde at vi kunne utarbeide adelskalender og målscorarliste for damelag i handball.

Handball-logo

Astrid Jensen

Astrid Jensen si handballsamling gjorde blant anna at vi kunne lage oversikt over Handballens Dag. Dei mange avisutklippa har også gitt større innblikk i fleire handballsesongar.

Ruben Kvalsvik

Ruben Kvalsvik

Historikk.com hadde ikkje Friidrett på plass før vi fekk tak i Ruben Kvalsvik. Han har hjelpt oss å finne materiale til resultatlister og rekordlister.

Fred Frantzen

Fred Frantzen

Vi har fått scanna Fred si eiga samling av fotballbøker, som gir eit flott innblikk i mange år av fotballhistoria til Bergsøy.

Spørsmål og svar

Kva er Historikk.com?

Ei heimeside som tek føre seg historie, med hovudvekt på Bergsøy Fotball, Bergsøy Handball og Bergsøy Friidrett. Målet er å kartlegge historia så langt det er mulig, og lage oversikter som målscorarlister, adelskalendrar og anna historisk statistikk.

Er det nødvendig?

Johs Wike si bok «Idrett i havgapet» er ei fantastisk bok om Bergsøy-historia. Ei nettside kan likevel fungere som eit levande oppslagsverk utan same sidebegrensing som ei bok, og kan oppdaterast fortløpande.

Historikk.com kan også samle kampreferat, målscorarlister, adelskalendrar, bilder, video og scanna materiale på ein måte som er lett å søke i.

Kva er målet til Historikk.com?

Å kartlegge og ta vare på historia vi finn, og gjere dette tilgjengelig for dei som ønsker å vite om den. Historikk.com skal fungere som eit arkiv og oppslagsverk for Bergsøy-historia.

Heimesida si historie

Historie

1. oktober 2002 laga eg (Steffen Helsem Kvalsund) mi første heimeside: «Bergsøy Fotball heimeside». Eg hadde eit PC-blad, «Hvordan lage en hjemmeside», og kasta meg ut i det.

Dette var før Facebook og dei fleste av dagens sosiale medier, og eg ville lage ein stad der Bergsøysupporterar kunne samlast også på nett. Eg laga mine eigne fotballbøker, og hadde desse ofte med meg på kampar så andre fekk sjå.

1. august 2003 blei adressa forandra frå den lange www.home.no/bergsoy/ til www.bergsoy.com. Fotballen.no hadde årlege kåringar av dei 100 beste fotballsidene i Norge, og beste plassering kom i 2005 då Bergsoy.com var Norges 8. beste fotballside.

Utvikling fram mot 2009

I 2008 starta eg å bygge hus på Hareid og blei pappa for første gang. Det vart ikkje like lett å drive ei oppdatert heimeside når eg ikkje lengre spelte på Bergsøy sjølv, eller budde i Herøy.

I ein periode hadde eg forandra heimesida slik at brukarane sjølv, som trenarar, kunne logge inn og oppdatere sine eigne lags sider. Etter kvart blei vi einige om at Bergsøy tok over nettsida bergsoy.com.

Historikk.com blei lansert i 2016

Interessa for historie var ikkje borte, og i 2016 tok eg eit nytt blikk på bergsoy.com. Eg ville berge restane av det eg i mi tid hadde skapt, og ta vare på informasjon og statistikk som var på veg å gå tapt.

Klubben hadde til dømes aldri hatt ei full målscorarliste eller ein fungerande adelskalender. Dette blei ein viktig del av Historikk.com.

Stor oppdatering juli 2021

I juli 2021 var Historikk.com klar i ny drakt. Sida blei delt i Historie, Fotball, Handball og Friidrett. Heimesida blei responsiv, og scanna handball- og friidrettsmateriale blei publisert.

Les meir om denne oppdateringa

Utviklinga av Bergsoy.com → Historikk.com

Nokre skjermbilete av korleis heimesida har utvikla seg gjennom åra.

2002 (Oktober)
Utviklinga
2002 (Oktober)
2002 (November)
Utviklinga
2002 (November)
2003 (Januar)
Utviklinga
2003 (Januar)
2004 (Juni)
Utviklinga
2004 (Juni)
2004 (Juni)
Utviklinga
2004 (Juni)
2005 (Februar)
Utviklinga
2005 (Februar)
2005 (Februar)
Utviklinga
2005 (Februar)
2005 (September)
Utviklinga
2005 (September)
2005 (September)
Utviklinga
2005 (September)
2006 (Juli)
Utviklinga
2006 (Juli)
2007 (Januar)
Utviklinga
2007 (Januar)
2009 (Februar)
Utviklinga
2009 (Februar)
2021 (April)
Utviklinga
2021 (April)
2021 (7. juli)
Utviklinga
2021 (7. juli)
2022 (27. november)
Utviklinga
2022 (27. november)
Arbeidskart for Historikk.com

Kor langt har sida kome?

Statusen blir rekna frå det som faktisk ligg i databasen. Berre målbare kontrollar tel i prosenten.

240sesongar kontrollerte
74sesongar
36god dekning
38ein del manglar
0mykje manglar
God dekning (85–100 % og ingen tabellavvik) Ein del manglar (50–84,9 %) Mykje manglar (under 50 %)
2026100%God dekning2025100%God dekning202492,6%God dekning202386,3%God dekning202289,3%God dekning202187,7%God dekning201988,9%God dekning201889,1%God dekning201793,3%God dekning201695,6%God dekning201578,9%Ein del manglar201482,6%Ein del manglar201373,9%Ein del manglar201274,1%Ein del manglar201184,5%Ein del manglar201073,5%Ein del manglar200975,4%Ein del manglar200873,5%Ein del manglar200776%Ein del manglar200693,2%God dekning200585,2%God dekning200490,4%God dekning2003100%God dekning200297,8%God dekning200199,4%God dekning200098,5%God dekning199978,1%Ein del manglar199879,9%Ein del manglar199785,2%God dekning199678,6%Ein del manglar199587,9%God dekning199483,6%Ein del manglar199384%Ein del manglar199289,7%God dekning199173,8%Ein del manglar199076,8%Ein del manglar198964,5%Ein del manglar198875,1%Ein del manglar198774%Ein del manglar198667%Ein del manglar198586%God dekning198486,2%God dekning198387,3%God dekning198287,2%God dekning198185,1%God dekning198091,3%God dekning197984,7%Ein del manglar197882,2%Ein del manglar197777,3%Ein del manglar197680,4%Ein del manglar197592,1%God dekning197491,5%God dekning197386%God dekning197285,7%God dekning197188%God dekning197093,5%God dekning196994,5%God dekning196888%God dekning196786,9%God dekning196685,6%God dekning196581,5%Ein del manglar196480,3%Ein del manglar196382,4%Ein del manglar196267,4%Ein del manglar1961/6270,5%Ein del manglar1960/6170,3%Ein del manglar1959/6069,1%Ein del manglar1958/5978%Ein del manglar1957/5879,2%Ein del manglar1956/5773,6%Ein del manglar1955/5670,2%Ein del manglar1954/5568,3%Ein del manglar1953/5468,2%Ein del manglar1952/5371,5%Ein del manglar
God dekning

Fotball herrer – 1968

88%

Samla prosent er gjennomsnittet av kontrollane som kan målast for denne kategorien. Tabellavvik hindrar grøn status til avviket er avklart.

Kampdekning mot tabell100%

14 av 14

Tabellen har 14 kampar. Databasen har 14. Ein kamp som ikkje er registrert kan ikkje namngivast før vi veit kva kamp det er.
Kampar med resultat100%

14 av 14

Kampar med referat100%

14 av 14

Kampar med lagoppstilling100%

14 av 14

Kampar med registrerte målskårarar100%

12 av 12

Gjeld berre kampar der Bergsøy scora minst eitt mål. Teksten kjem frå malscorere.
Bergsøy-mål med eiga hending16,7%

5 av 30

Kvart Bergsøy-mål skal ha ei goal-hending i kamp_hendelse.
Vis 9 kampar som manglar
1968-05-11 · Rollon – Bergsøy · 1-2Kamp-ID: 204 · Manglar 2 av 2 målhendingar
1968-05-19 · Bergsøy – Stranda · 1-1Kamp-ID: 205 · Manglar 1 av 1 målhendingar
1968-06-09 · Bergsøy – Brattvåg · 3-2Kamp-ID: 207 · Manglar 3 av 3 målhendingar
1968-06-15 · Spjelkavik – Bergsøy · 2-1Kamp-ID: 208 · Manglar 1 av 1 målhendingar
1968-08-18 · Stranda – Bergsøy · 0-1Kamp-ID: 212 · Manglar 1 av 1 målhendingar
1968-08-24 · Bergsøy – Volda · 4-2Kamp-ID: 213 · Manglar 2 av 4 målhendingar
1968-08-30 · Brattvåg – Bergsøy · 0-9Kamp-ID: 214 · Manglar 9 av 9 målhendingar
1968-09-15 · Bergsøy – Spjelkavik · 3-1Kamp-ID: 215 · Manglar 3 av 3 målhendingar
1968-09-22 · Sykkylven – Bergsøy · 1-3Kamp-ID: 216 · Manglar 3 av 3 målhendingar
Spelarkampar: kamp for kamp / sesongtotal99,4%

167 av 168

167 registrerte mot 168 i adelskalenderen

Kontroll mot serietabellen

FeltTabellKampdata
Kampar 14 14
Sigrar 7 7
Uavgjort 1 1
Tap 6 6
Mål for 30 30
Mål mot 22 22

Kva bør gjerast?

  1. Bergsøy-mål med eiga hending: manglar 25
  2. Spelarkampar: kamp for kamp / sesongtotal: manglar 1

Kjelder og dokumentasjon

Den gamle dokumentasjonssida er framleis kjeldefasit for kven som spelte år for år. Ho bør brukast saman med dei automatiske kontrollane.

Datakontroll og feilretting
frå status.php

Den detaljerte kontrollsida er framleis verktøyet for duplikate kampnummer, manglande dato/resultat/bane/dommar, ukjende målskårarar, mål utan hending, tabellavvik og spelaravvik.

Oversikta her viser framdrift. status.php viser radene som må rettast og bevarer handlinga «Ferdig utan hendelse».

Kan du hjelpe?

Manglar du ser her kan vere avisutklipp, kamplister, lagoppstillingar, målskårarar, spelarstatistikk eller bilde av tabellar.

Eg har informasjon som kan hjelpe