ℹ️ Historikk.com

Om heimesida

Historikk.com prøver å finne, sortere, arkivere og ta vare på Bergsøy-historia. Her finn du bakgrunnen for sida, bidragsytarar, historia bak prosjektet og automatisk utviklingsstatus.

2887 kampar i statusgrunnlaget akkurat no

Informasjon om heimesida

Historikk.com prøver å finne, sortere, arkivere og ta vare på historien – og det hadde ikkje vore mulig utan hjelp av viktige bidragsytere som har historie å dele, som vi kan scanne og ta vare på.

Johs Wike

Johs Wike

Mannen med stor historisk kunnskap bak boka «Idrett i havgapet» har vore ein god ressurs for Historikk.com. Johs har latt oss ta vare på historisk materiale og scanne mykje av det han har samla.

Johs «oversatte» også Den første møtebok, og står bak fleire av bøkene i Scanning-arkivet.

Mathias Pettersen

Mathias Pettersen

For oss vil arkivet for store delar kunne kallast «Mathias-arkivet». Mathias hadde ei stor samling av Bergsøy-permar som vi scanna, og over 750 dokument utgjer i dag ein stor del av vårt historiske arkiv frå 1944–1970.

I samlinga var også VHS-video av kampar frå den historiske 1981-sesongen.

Ruth Vestnes Frøystad

Ruth Vestnes Frøystad

Ruth gav oss tilgang til å scanne handball-spelarkorta som gjorde at vi kunne utarbeide adelskalender og målscorarliste for damelag i handball.

Handball-logo

Astrid Jensen

Astrid Jensen si handballsamling gjorde blant anna at vi kunne lage oversikt over Handballens Dag. Dei mange avisutklippa har også gitt større innblikk i fleire handballsesongar.

Ruben Kvalsvik

Ruben Kvalsvik

Historikk.com hadde ikkje Friidrett på plass før vi fekk tak i Ruben Kvalsvik. Han har hjelpt oss å finne materiale til resultatlister og rekordlister.

Fred Frantzen

Fred Frantzen

Vi har fått scanna Fred si eiga samling av fotballbøker, som gir eit flott innblikk i mange år av fotballhistoria til Bergsøy.

Spørsmål og svar

Kva er Historikk.com?

Ei heimeside som tek føre seg historie, med hovudvekt på Bergsøy Fotball, Bergsøy Handball og Bergsøy Friidrett. Målet er å kartlegge historia så langt det er mulig, og lage oversikter som målscorarlister, adelskalendrar og anna historisk statistikk.

Er det nødvendig?

Johs Wike si bok «Idrett i havgapet» er ei fantastisk bok om Bergsøy-historia. Ei nettside kan likevel fungere som eit levande oppslagsverk utan same sidebegrensing som ei bok, og kan oppdaterast fortløpande.

Historikk.com kan også samle kampreferat, målscorarlister, adelskalendrar, bilder, video og scanna materiale på ein måte som er lett å søke i.

Kva er målet til Historikk.com?

Å kartlegge og ta vare på historia vi finn, og gjere dette tilgjengelig for dei som ønsker å vite om den. Historikk.com skal fungere som eit arkiv og oppslagsverk for Bergsøy-historia.

Heimesida si historie

Historie

1. oktober 2002 laga eg (Steffen Helsem Kvalsund) mi første heimeside: «Bergsøy Fotball heimeside». Eg hadde eit PC-blad, «Hvordan lage en hjemmeside», og kasta meg ut i det.

Dette var før Facebook og dei fleste av dagens sosiale medier, og eg ville lage ein stad der Bergsøysupporterar kunne samlast også på nett. Eg laga mine eigne fotballbøker, og hadde desse ofte med meg på kampar så andre fekk sjå.

1. august 2003 blei adressa forandra frå den lange www.home.no/bergsoy/ til www.bergsoy.com. Fotballen.no hadde årlege kåringar av dei 100 beste fotballsidene i Norge, og beste plassering kom i 2005 då Bergsoy.com var Norges 8. beste fotballside.

Utvikling fram mot 2009

I 2008 starta eg å bygge hus på Hareid og blei pappa for første gang. Det vart ikkje like lett å drive ei oppdatert heimeside når eg ikkje lengre spelte på Bergsøy sjølv, eller budde i Herøy.

I ein periode hadde eg forandra heimesida slik at brukarane sjølv, som trenarar, kunne logge inn og oppdatere sine eigne lags sider. Etter kvart blei vi einige om at Bergsøy tok over nettsida bergsoy.com.

Historikk.com blei lansert i 2016

Interessa for historie var ikkje borte, og i 2016 tok eg eit nytt blikk på bergsoy.com. Eg ville berge restane av det eg i mi tid hadde skapt, og ta vare på informasjon og statistikk som var på veg å gå tapt.

Klubben hadde til dømes aldri hatt ei full målscorarliste eller ein fungerande adelskalender. Dette blei ein viktig del av Historikk.com.

Stor oppdatering juli 2021

I juli 2021 var Historikk.com klar i ny drakt. Sida blei delt i Historie, Fotball, Handball og Friidrett. Heimesida blei responsiv, og scanna handball- og friidrettsmateriale blei publisert.

Les meir om denne oppdateringa

Utviklinga av Bergsoy.com → Historikk.com

Nokre skjermbilete av korleis heimesida har utvikla seg gjennom åra.

2002 (Oktober)
Utviklinga
2002 (Oktober)
2002 (November)
Utviklinga
2002 (November)
2003 (Januar)
Utviklinga
2003 (Januar)
2004 (Juni)
Utviklinga
2004 (Juni)
2004 (Juni)
Utviklinga
2004 (Juni)
2005 (Februar)
Utviklinga
2005 (Februar)
2005 (Februar)
Utviklinga
2005 (Februar)
2005 (September)
Utviklinga
2005 (September)
2005 (September)
Utviklinga
2005 (September)
2006 (Juli)
Utviklinga
2006 (Juli)
2007 (Januar)
Utviklinga
2007 (Januar)
2009 (Februar)
Utviklinga
2009 (Februar)
2021 (April)
Utviklinga
2021 (April)
2021 (7. juli)
Utviklinga
2021 (7. juli)
2022 (27. november)
Utviklinga
2022 (27. november)
Arbeidskart for Historikk.com

Kor langt har sida kome?

Statusen blir rekna frå det som faktisk ligg i databasen. Berre målbare kontrollar tel i prosenten.

240sesongar kontrollerte
30sesongar
2god dekning
18ein del manglar
10mykje manglar
God dekning (85–100 % og ingen tabellavvik) Ein del manglar (50–84,9 %) Mykje manglar (under 50 %)
Mykje manglar

Fotball damer – 2020

0%

Samla prosent er gjennomsnittet av kontrollane som kan målast for denne kategorien. Tabellavvik hindrar grøn status til avviket er avklart.

Kampdekning mot tabell

0 av 0

Tabellen har 0 kampar. Databasen har 0. Ein kamp som ikkje er registrert kan ikkje namngivast før vi veit kva kamp det er.
Kampar med resultat

0 av 0

Kampar med referat

0 av 0

Kampar med lagoppstilling

0 av 0

Kontroll mot serietabellen

FeltTabellKampdata
Kampar 0
Sigrar 0
Uavgjort 0
Tap 0
Mål for 0
Mål mot 0

Kva bør gjerast?

Ingen automatiske manglar funne.
Datakontroll og feilretting
frå status.php

Den detaljerte kontrollsida er framleis verktøyet for duplikate kampnummer, manglande dato/resultat/bane/dommar, ukjende målskårarar, mål utan hending, tabellavvik og spelaravvik.

Oversikta her viser framdrift. status.php viser radene som må rettast og bevarer handlinga «Ferdig utan hendelse».

Kan du hjelpe?

Manglar du ser her kan vere avisutklipp, kamplister, lagoppstillingar, målskårarar, spelarstatistikk eller bilde av tabellar.

Eg har informasjon som kan hjelpe