Bergsøy

Historieverden

Frå dei første spora til dagens Bergsøy – historier, arkiv, idrett og milepålar samla på eitt sted.

?>
Fotball · historisk

Heid stadion

Historiske oppgjer og hendingar på Heid stadion.

Om Heid-bana

Idrettslaget Heid blei stifta 17. juni 1945 av Ernst B. Andreassen og Osvald Hansen. Bana på Berge var i bruk til lokale kampar frå 1947. Hausten 1949 var eit område på om lag 90 × 45 meter grusa, og i april 1952 var bana oppmerkt til 88 × 45 meter.

Den uoffisielle opninga og første seriekampen var 5. august 1951. Heid slo Tennfjord 5–2, med ordførar Nærø som tok avsparket. Inngangsbilletten kosta éi krone for vaksne og 50 øre for barn. Heid spelte seriefotball i fem sesongar, frå 1951/52 til 1955/56.

Bergsøy leigde bana i den tidlege perioden, og det finst dokument frå 1951 om leigevilkår og tilgangen til anlegget. I april 1958 sa Heid seg villig til å selje idrettsplassen til Herøy kommune, mot at kommunen skaffa ei eigna tomt ein annan stad på Bergsøya.

Dokument om opninga i 1951 · Heid stadfestar leige til Bergsøy · Strid om baneleige

Heid stadion

Viktige årstal

Arbeidet med idrettsplassen på Berge tok til.

Idrettslaget Heid blei stifta.

Bergsøy slo Heid 2–1 i treningskamp, omtalt i Vestlandsnytt.

Opningsmarkering og første seriekamp: Heid–Tennfjord 5–2.

Heid møtte Bergsøy i offisiell kamp på Heid-bana og tapte 1–4.

Fakta om anlegget

Idrettslaget Heid stifta17.06.1945
Første seriekamp på bana05.08.1951 · 5–2 mot Tennfjord
Billettpris ved opninga1 kr vaksne · 50 øre born
Banestorleik i 195288 × 45 meter
Heid i seriesystemet1951/52–1955/56
Heid sine seriekampar54 · 10 sigrar, 9 uavgjort, 35 tap
Største Heid-siger8–1 mot Emblem, 23.05.1954
Største Heid-tap1–11 mot Bergsøy, 29.08.1954

Historia om Heid stadion

Heid blir skipa

Idrettslaget Heid blei stifta 17. juni 1945 av E. B. Andreassen og Osvald Hansen. På Berge tok arbeidet til med ein eigen idrettsplass. Dei første åra var prega av dugnad, finansiering og diskusjonar om korleis idrettsanlegga på Bergsøya skulle utviklast.

Historisk fotografi frå Heid-bana.
Historisk fotografi frå Heid-bana.

Frå lokal bane til seriefotball

Bana var i bruk til lokale kampar alt i 1947. Hausten 1949 var om lag 90 meter grusa opp, med ei breidde på kring 45 meter. Det var tungvint å få fram grus utan veg heilt fram til anlegget. I april 1950 var arbeidet framleis i full gang.

Heid-bana i dei tidlege åra.
Heid-bana i dei tidlege åra.

Lokaloppgjer før seriestarten

I september 1950 vann Bergsøy 7–2 mot eit kombinert Heid/Moltu-lag. Sommaren 1951 blei det spela fleire treningskampar, mellom anna 2–2 og 1–3 mellom Heid og Bergsøy. I juni vann Bergsøy sitt juniorlag 5–0 mot Heid.

Eldre fotografi frå Heid.
Eldre fotografi frå Heid.

Menneska bak Heid

Ernst B. Andreassen var den første formannen, medan Osvald Hansen var sentral i oppbygginga av laget. Mellom spelarane og eldsjelene finn vi Harald Dahl, Nils Grønhaug, Gunnar Monsholm, Arnfinn Berge, Asmund «Assi» Myklebust og Ola Goksøyr. Fleire av dei hadde også tilknyting til Bergsøy.

Heid-laget på bortekamp mot Tennfjord 3. mai 1953.
Heid-laget på bortekamp mot Tennfjord 3. mai 1953.

Bergsøy ønskte å leige Heid-bana

Då Bergsøy skulle inn i seriesystemet, var eiga bane i Huldalen enno ikkje godkjend. Dokument frå 1951 viser korleis Bergsøy og Heid diskuterte leige av Heid-bana. Det blei òg reist spørsmål om leigeprisen og om Bergsøy hadde råd til seriespel.

Heid-bana, der det blei diskutert utleige til Bergsøy.
Heid-bana, der det blei diskutert utleige til Bergsøy.

Fem sesongar i serien

Heid var det første laget frå Herøy som spelte i seriesystemet, og deltok frå 1951/52 til 1955/56. På 54 teljande seriekampar fekk laget 10 sigrar, 9 uavgjorte og 35 tap. Ni av dei ti sigrane kom på heimebane. To resultat blei strokne fordi motstandarlaga seinare trekte seg frå serien.

Oversikt over Heid sine serieresultat.
Oversikt over Heid sine serieresultat.

Opningskamp mot Tennfjord

Heid søkte opptak i Sunnmøre Fotballkrets i mars 1951. Den 5. august spelte klubben sin første seriekamp, og Heid-bana blei teken i bruk med ei opningsmarkering. Heid vann 5–2 mot Tennfjord. Ordførar Nærø tok det første sparket, og etter kampen var det samkome på Berge skule. Billettane kosta éi krone for vaksne og 50 øre for born.

Fotball på Heid-bana tidleg på 1950-talet.
Fotball på Heid-bana tidleg på 1950-talet.

88 × 45 meter og ein avbroten kamp

I april 1952 var bana oppmerkt til 88 × 45 meter. I mai blei det arrangert kamp mellom Heid og Bergsøy til inntekt for selfangarhjelpa. Etter det historiske materialet blei kampen avbroten fem–seks minutt før slutt då Leif Pettersen sparka vekk ballen.

Bilete frå Heida.
Bilete frå Heida.

Lokaloppgjera mot Bergsøy

Heid og Bergsøy møttest seks gonger i seriespel. Bergsøy vann fem kampar, medan éin enda uavgjort. Den samla målskilnaden var 34–9 i Bergsøy sin favør. På Heid-bana enda møtet 5. oktober 1952 med 1–4, medan oppgjeret 21. mai 1955 enda 1–1.

Oversikt over seriekampane mellom Heid og Bergsøy.
Oversikt over seriekampane mellom Heid og Bergsøy.

Den største sigeren

Heid hadde fleire tunge sesongar, men også gode enkeltkampar. Den 23. mai 1954 vann laget heile 8–1 over Emblem. Ei veke seinare slo Heid Hundeidvik 4–1. Dette var Heid si lengste sigerrekkje i seriespelet: to kampar.

Sesongoversikt frå 1953/54.
Sesongoversikt frå 1953/54.

Det største nederlaget

Den 29. august 1954 tapte Heid 1–11 borte mot Bergsøy. Dette var laget sitt største serietap. Same sesong heldt Heid nullen i 6–0-sigeren mot Vartdal på heimebane.

Oversikt over Heid sine sigrar.
Oversikt over Heid sine sigrar.

Dei siste seriekampane

Den siste seriesesongen blei tung. Heid hadde ei rekkje tap, og den einaste teljande sigeren kom i siste kamp 3. juni 1956. Eit uavgjortresultat mot Vartdal blei stroken etter at Vartdal trekte seg. For denne sesongen er det òg ein dokumentert skilnad mellom oppgitt offisiell målskilnad (15–50) og summen av registrerte kampresultat (15–54).

Dokumentasjon av ulik målskilnad i 1955/56.
Dokumentasjon av ulik målskilnad i 1955/56.

Artiklar og originalkjelder