Utklipp
Vestlandnsytt
Volda - Bergsøy 1-2 (0-0)
0-1 Peter Daniel Baade (47), 1-1 Frantz Frantzen (str., 72), 1-2 Andrius Petreikis (84)
23.04.2010
Andrius Petreikis, og 2 gule til Volda
Jan Helge Lund, Blindheim
75 tilskodarar
Spelarpoeng: 3 Kim Vågeskar (bergsøy), 2: Tobias Evebø (Volda), 1 Trond Brynestad (Volda)
-"Sjølv om vi i perioder av kampen vart hardt pressa var vi godt organisert defansivt og nekta frustrerte Voldaspelarar rom.
Samtidig greidde vi å skape nok offansivt til å ta med oss poenga."
Etter pausen kom Bergsøy bedre igang, og det gikk berre to minutt før Peter Daniel Baade hadde gitt 1-0 til Bergsøy. Det var Andrius Petreikis som la ein presis ball i bakrommet, og Baade spurta igjennom og sette ballen rolig forbi keeper Sander Nyland.
Bergsøy var no meir på hugget enn heimelaget, men Volda vakna etter dette. Heldigvis var Kim Vågeskar våken og hindra ei Voldascoring på ei flott refleksredning. Baade var snart på farta igjen og nærme på å dobble ledelsen, men eit kvarter før full tid var det klart for ei fortjent utlikning.
Straffesparket var det ikkje noko å seie på, og Frantz Frantzen gjorde ingen feil frå straffemerket til 1-1.
Dette var Frantzen sitt første obligatoriske mål for volda frå krittmerket, og altså mot sin gamle klubb.
Det blei utdelt nokre gule kort i ei småamper periode, men det viktigaste var at det kom ennå eit mål. Det var spelt 84 minutt da Andrius Petreikis tok ei keeperklarering på direkten frå 40 meters hold, og ballen gikk inn i det tomme buret.
Stor jubel for Bergsøy for målet som sikra tre nye poeng til Bergsøy.
Bergsøy sitt lag:Vedlegg til kampen
Utklipp
Vestlandnsytt
KAMPREFERAT