Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy fekk ein flygande start

Serierunde 1 - 2010 Nr 1061

Bergsøy - Valder 2-1 (1-1)



0-1 Adrian Blindheim (3), 1-1 Peter Daniel Baade (26), 2-1 Andrius Petreikis (79)



Terje Teige, Gustav Pettersen


Jan Erik Bratteberg



267 tillskuerar


Spelarpoeng: 3 Andrius Petreikis, 1 Gustav Pettersen



Kampreferat

Det var berre 2 varmegrader på stadion i regnværet, men publikum og Bergsøy kunne forlate stadion med ein varm følelse likevel. Bergsøy gjorde comeback i 3.divisjon med siger, og det er ein viktig følelse.

Men det starta ikkje på aller beste måte for Bergsøy, for Valder tok leiinga allereie i sitt første angrep. Adrian Blindheim blei fjorårets toppscorar for Valder, og han stakk igjennom og satte inn 1-0 til gjestane bak ein utspelt Kim Vågeskar i Bergsøyburet. Heldigvis hadde ikkje Bergsøy tenkt å bli skremt av den grunn. Spelarane bretta opp ermane og pressa Valder bakover på bana.

26 minutt ut i kampen var det klart for 1-1. Gustav Pettersen kom seg fri på høgrekanten og la eit flott innlegg til Peter Daniel Baade, og headdinga til Baade gjekk flott imål. Like før pause var det like før Bergsøy tok ledelsen ved Kestitus Deveika, men Valder sin keeper fekk avverga. Dermed sto det 1-1 til pause i ein omgang der Bergsøy hadde hatt det spelesmessige overtaket.

Etter pausen var Gustav Pettersen nær ved å score etter å ha blitt spelt fri frå 7 meter fra mål, men skotet blei for svakt. Og mange trudde kanskje at dette skulle gå mot 0-0. Men så etter 78 minutter kom målet som tilslutt skulle bli avgjerande. Inbyttar Andreas Kurset sentra til Andrius Petreikis som fekk kjempetreff frå 20 meters hald, og ballen susa inn nede ved stolpen til 2-1. Valder prøvde no desperat å komme tilbake i kampen og hadde mange cornerar, men uten å få uttelling.

Hos Bergsøy blei kantspelarane Peter Daniel Baade og Andrius Petreikis avgjerande, men dei kunne med fordel blitt brukt ennå mer av sine lagkameratar. Andrius blei kåra til dagens beste Bergsøyspelar.

Bergsøy sitt lag:

Kim rene Vågeskar, Lars Conradi Andersen (Andreas Kurset), Terje Teige, Harald Haugen, Kestitus Deveika, Peter Daniel Baade (Jim Kjellstadli), Kjetil Paulsen, Mats Inge Teige, Andrius Petreikis, Gustav Pettersen, Frank Sverre Skorpen.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandnsytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER