Idag skulle gruskanten inn mot asfaltet gjerast klar, slik at kunstgrasdekket ikkje skulle kome over asfaltdekket. Onsdag håpar vi å fjå hollendarar på plass.
Det blei kort varsel for spelarane, men oppmøtet på dugnaden var svært god. Med fin innsats så gjekk det også unna på kort tid, og
forhåpentligvis er bana no i såpass god stand at dei hollanske proffane blir begeistra og fornøgde.

(Bildet: Daniel Hatløy var en av dei som gjorde en god jobb idag.)

(Bildet: Glede over å være med på dugnad.)
-"I samband med legginga av kunstgraset så treng vi frivillige som kan vera med på dette arbeidet på dagtid, frå imorgon av og nokre få dagar framover. Har du fri på dagtid og kan stille opp ein eller fleire dagar ta kontakt med meg. Tlf. 90 92 33 13".
Nedanfor kan du trykke på bilde for å sjå korleis kunstgrasområdet såg ut før arbeidet med kunstgrasbana starta.
Historikkarbeidet har stoppa opp litt
Det går i rykk og napp med det historiske arbeidet her på heimesida, men det er ikkje på grunn av mangel på arbeid.
Blant anna 1990-sesongen står for tur når det gjeld å få på plass kampreferata, men hittil har berre 3 kampreferat kome på plass.
Kanskje blir det ett eller to for dag frammover som kjem på plass, slik at også dette årstallet kan bli komplett etterkvart.
Kampreferata som no blir lagt ut frå 1990 kan du lese ved å gå til historikksida alle årstall.







