BERGSØY

Idrettsverda

Sesongar, kampreferat, stallar, kamplister og statistikk – samla på éin plass.

Idrettsverda

Sesongar, kampreferat, stallar, kamplister og statistikk – samla på éin plass.

Fotball herrer

Kampreferat 2008

Bergsøy – Vigra · 2008-05-15 · Serie · runde 5

2008-05-15 • Serie – runde 5 • Kampnr 1074
Bergsøy
Vigra
4-1
Daniel Jøsok Kvalsvik ⚽
Daniel Jøsok Kvalsvik ⚽
Thomas Sætre Hauge ⚽
Thomas Sætre Hauge ⚽
Anders Per Vaagsholm 🟨
Thomas Sætre Hauge 🟨
📸 Bilde frå kampen (25)
1 / 25
Referat
Om du står i ei tåke uten å vite når du kjem deg vekk derifrå, eller du står og ventar på nokre koffertar, då står du trulig på Vigra. Vigra på si side er den største av øyene i Giske kommune, og dei mest kjente personane som stammar derifrå er ifølge wikipedia Gange-Rolv og Ragnvald Mørejarl. Fotballmessig må vi tilbake til 2002 sidan Bergsøy skulle møte Vigringane til ekte vikingdyst, to kampar som vi huskar som dramatiske og spennande den gong.

Sesongen 2002 er i Bergsøy kjent som den sesongen Bergsøy var uovervinnelige, og gjekk ubeseira i 24 kampar i serien før laget tapte kvalik til 2.divisjon mot Averøyskameratane. Men, sjølv om Vigra rykte ned det året så var Vigra eitt av dei vanskeligaste laga å slå for BIL sin del. Både i seriepremiæren på Vigra og seinare i returoppgjæret så leda Vigra 2-0 til pause, men Bergsøy vann 4-2 og 3-2 dette året. Men nok om det, ei tid var og ei tid er.

Med håp om å halde seg i kampen om dei to opprykksplassane så er Vigra eit lag Bergsøy burde vinne over, men Vigra hadde fått seg nokre gode resultat hittil i sesongen. 1-1 mot Norborg var kanskje det mest imponerande. Med tanke på at både Herd og Stranda har funne vinnarformelen dei seinaste kampane, og at Ørsta har to kampar til gode, så har ikkje Bergsøy råd til å avgi så mange poeng.


Til denne kampen var Lars Conradi Andersen ute med skade. Det var også Harald Haugen og Steffen Ulbæk. Frank Sverre Skorpen var også ute av startellvaren grunna ryggproblem, men var på benken i tilfelle Tom Beddari kunne ha behov for ein goalgettar. Tilbake frå start var derimot Terje Teige som i lengre tid har blitt forsiktig matcha ettersom han har vore langtidsskada. Mads Sævik starta på ein uvant venstrebackrolle, samt at Dag Gøran Brandal fekk prøve seg i ei spissrolle ilag med Thomas Sætre Hauge. Elles var Toni Sandanger i målet, Fredrik Muren på høgrebacken, Vegard Sævik var kaptein i midtforsvaret, Anders Per Vaagsholm, Daniel Kvalsvik, Bjørnar Gundersen og Steffen Kvalsund spelte på midtbana.

Kampen: Første omgang.

Det hadde vore litt regn gjennom det meste av dagen, men grasbana på Bergsøy Stadion var så bra at speleforholda var det ingenting å seie på. Bergsøy kom da også greitt igong, sjølv om Vigra tidlig viste seg fram med å slå lange ballar over i Bergsøy sitt bakrom. Den første sjansen kom imidlertid til Bergsøy, men skuddet som kom gjekk midt på keeper.

Det var Vigra som skulle få ein "flying start" på kampen i det femte speleminuttet. Stig Arne Sætre, som ifølge vår mann på tribuna var i klar offside, gjorde ein god jobb da han med ryggen mot mål fekk vendt opp og sende ballen heilt nede i det venstre hjørnet. Skulle Vigra vise seg å bli ei tøff nøtt? Bergsøyspelarane fann tidlig ut at det var bra med rom å springe i, så her skulle det skapast målsjansar.

Berre tre minutt etter at Vigra hadde gått opp i ledelsen så virka Bergsøy snytt for ei klar straffe. Thomas Sætre Hauge dansa litt balett på vei mot Vigra sitt mål, og blei etter vår meining klart felt på vei gjennom. Dommar Bjarte Stensbu meinte at det skulle dømmast utspel. Til Stensbu sitt "forsvar" så synest vi han hadde god kontroll på denne kampen, sjølv om nokre situasjonar blei omdiskutert underveis. Kva situasjonar det her var snakk om det kjem vi tilbake til, muligens. Straffe eller ikkje, Bergsøy var igang med å få lastebilen opp i en høgre gir - og Vigra skulle få problemer med å halde følge på tempoet.

I det 12.minuttet noterte vår nøytrale tribunemann, keeper og speaker at Vigra hadde ein brukbar målsjanse. Toni Sandanger redda målforsøket flott. Men Bergsøytrykket skulle fortsette, og spissparet hadde eit godt angrep der avsluttninga til Dag Gøran Brandal blei noko uheldig. Bergsøy hadde veldig god kontroll på kampen, og etterkvart skulle trykket også føre til uttelling på sjansane.

27.minutt ut i kampen var det Dag Gøran Brandal som hadde eit godt raid, og det lave innlegget mot Thomas Sætre Hauge blei stupt imål til 1-1. Ei flott scoring, og et mål som førte til at Bergsøy no kunne roe seg ned og leike fotball. Nokre minutt seinare var Vigra derimot skummelt frampå, og her meinte dei fleste at dommaren gjorde ei tabbe som ikkje dømte for offside idet linjedommaren vinka. Det var berre såvidt at Bergsøy fekk renska unna eit nytt baklengsmål.

Bergsøy ville angripe, og Dag Gøran Brandal hadde eit godt skudd. Heimelaget fekk mange cornerar, men Vigra klarte somregel å få beina innlegga vekk frå mål. Idet Roberto Carlos, bedre kjent som Mads Sævik i vårt distrikt, var frampå med eit innlegg så var Thomas Sætre Hauge ustoppelig i luftduellen inne i feltet. Frå kort hald hang han i lufta og stanga inn leiarmålet i det 35.minuttet. Berre minuttet seinare var det klart for 3-1. Steffen Kvalsund fann Dag Gøran Brandal frampå bana, og Dag Gøran gjorde eit fint forarbeid for å finne Daniel Jøsok Kvalsvik. Daniel tok liksågodt og skaut ballen i en fin men merkelig bue inn i det venstre hjørnet. Eit flott mål, og Daniel Jøsok Kvalsvik sitt første A-mål.

Det var nok av sjansar til å score fleire mål før pause. I våre notatar står det også at Vigra blei snytt for ein god sjanse idet dei fekk ein feilaktig offside dømt imot seg. Sjansar til Bergsøy var det også i dei siste par minutta før dommaren blåste omgangen ferdig.

-"Fullt fortjent ledelse til pause. Har fullstendig kontroll"
(Notert ned av vår nøytrale speaker Svein Gunnar Frantsen)


Kampen: Andre omgang.

Den andre omgangen starta litt dafft av Bergsøy, og Vigra fekk ei rekke med cornerar. Gode til å slå cornerar var dei også, og det var fare på ferde ved kvart forøk Vigra hadde. Berre få minutter etter sidebytte hadde dei også ein ball inne i mål, men dommar Stensbu dømte for angrep på keeper ved den situasjonen. Godt var det da at Bergsøy var raske med å svare på tiltale, og Daniel Jøsok Kvalsvik var nok engang på skuddhald berre seks minutt ut i omgangen.

Det blei litt tilfeldig at ballen datt ned på foten til Daniel litt utanfor 16-meteren, men den unge midtbanekjempen var rask med å oppfatte muligheta. Skuddet som kom skifta litt retning, og utmanøvrerte såleis bortelagets keeper. Nok ei fin scoring! Bergsøy tok etterkvart ganske godt tak på kampen, kanskje uten å alltid skape dei store sjansane. 16.minutt ut i omgangen var imidlertid Terje Teige så nærme som en kan kome etter corner. Eit flott nikk mot mål, og berre stanga hindra ei fin scoring.

To minutt etter at Teige hadde headda i stanga så var Steffen Kvalsund aleine gjennom etter eit godt veggspel med Dag Gøran Brandal. Kvalsund sitt skuddforsøk blei stoppa av keeperens beinparade, og kantspelaren skulle ikkje greie å score tross diverse skuddforsøk. Nærme på nok ei headding var Bergsøys nr 14 idet han headda i tverrleggaren, og det var igrunnen utrulig at Bergsøy ikkje skulle klare å få meir mål i løpet av den andre omgangen.

Den siste store sjansen til Bergsøy var det nok ein god Dag Gøran Brandal som hadde idet skuddet hans blei flott avverga av ein slengande keeper. Det var ingen som hadde blitt overraska om Bergsøy hadde scora både fem og seks mål denne dagen. Med litt meir presisjon og fokus på småspel og gjennombrudd langs bakken så trur vi at det raskt kunne blitt fleire mål. Vigra var gode til å demme opp for mange av Bergsøy sine vippe-forsøk i bakrommet.

Kampen: Oppsummering.

Først av alt så må vi presisere at alle Bergsøyspelarane får godkjent etter kampen. Kjekt var det likevel å sjå spelarar som Mads Sævik og Dag Gøran Brandal stå fram på uvante posisjonar. Mads Sævik var solid defansivt, og flink til å hjelpe kantspelaren sin med gode løp offansivt. Eit målgivande innlegg krona verket på kaka, smørte flesket på skiva, eller noko i den dur. Dag Gøran Brandal er flink til å skjerme ballen i trange posisjonar, men spelte også fri medspelarar i tillegg til å kome til sjansar sjølv. Om vi talte rett så hadde han to målgivande pasningar.

Terje Teige og Vegard Sævik i midtforsvaret blei mest av alt utfordra i bakrommet som følge av Vigra sine lange ballar. Etterkvart som kampen gjekk så hadde Bergsøy sine solide kjempar funne ut av Vigra si hemmelige oppskrift, og demma godt opp det som kom. På høgresida jobba Anders Per Vaagsholm og Fredrik Muren godt ilag, og Anders Per kom seg til endel gode innlegg i løpet av kampen. Sentralt i bana styrte Bjørnar Gundersen spelet og var flink til å vri over til motsatt side. Gundersen hadde nokre skuddforsøk frå avstand, men måtte sjå at midtbanekollega Daniel Kvalsvik hadde eit bedre sikte denne dagen. Ein ny stor kamp av ungguten som har tatt A-laget med storm dette året. Scora sine to første A-lagsmål, ruvar i hodeduellar med god timing i lufta, og jobbar og slit til krampa tek han. Mål blei det også på Thomas Sætre Hauge som igjen viste eit godt teknisk nivå på det han gjorde. Utfordra ei rekke gongar mot Vigra sitt forsvar, lyktes ikkje alltid men slutta aldri å prøve.

Toni Sandanger hadde lite å gjære med målet som kom imot, men gjorde bra det som var innanfor rekkevidde heile resten av kampen. Steffen Kvalsund på venstrevingen kosa seg med mykje rom å boltre seg i, og hadde det artig på graset. Nokre gule kort skulle bli utdelt også denne dagen, og Thomas Sætre Hauge fekk sitt fjerde gule kort på like mange kampar. Denne gangen var det for å sparke vekk ballen etter at dommaren hadde blåse i fløyta.

Anders Per Vaagsholm fekk seg også eit gult kort, det for å ha gått vel hardt i duell med keeper. Mot slutten av kampen var det mange spelarbytter, deriblant kom Daniel Sandvik inn på bana. André Lima og Frank Sverre Skorpen kom også innpå, samt at to yngre karar fekk sine Bergsøydebutar. Stian Zahl var den eine debutanten, den andre var Peter Daniel Baade.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
12
50%
Uavgjort
3
12,5%
Tap
9
37,5%
Mål
52–51
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 24. kampen mot Vigra.
  • 📈
    3. sigeren denne sesongen.
  • ⭐
    Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Endre Tjervåg (4 mål)
    Vigra: Amund Hjelle (4 mål).
  • 🌱
Form siste 5 totalt
3–3
U
Ørskog
2008-04-17
2–1
S
Larsnes/Gursken
2008-04-24
5–0
S
Åram/Vankam
2008-05-02
0–2
T
Norborg
2008-05-08
4–1
S
Vigra
2008-05-15
Form siste 5 vs Vigra
3–1
S
Vigra
2001-06-22
1–4
T
Vigra
2001-09-15
4–2
S
Vigra
2002-04-27
3–2
S
Vigra
2002-07-02
4–1
S
Vigra
2008-05-15
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 5
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
🖼️ Alle bilde frå kampen (25)
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
Bergsøy - Vigra 4-1
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
Bergsøy - Vigra 4-1
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Anders Per Vågsholm · Bergsøy - Vigra 4-1
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Mads Sævik · Mads Sævik hadde ein god dag på venstrebacken.
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Dag Gøran Brandal · Dag Gøran Brandal hadde ein av sine bedre Bergsøykampar.
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Stian Toft Zahl, Tom Beddari · Stian Zahl kan være fornøgd med sin debut etter å ha spelt på venstreb…
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Thomas Sætre Hauge · Thomas Sætre Hauge smilande mot slutten av kampen fordi at krampa ikkj…
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Peter Daniel Baade · Den andre Bergsøydebutanten Peter Daniel Baade har kome innpå bana
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Daniel Christian Sandvik, Andre Lima, Vegard Sævik · Daniel Sandvik var komen innpå bana mot slutten av kampen. André Lima …
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Kjetil Steinsvik Paulsen, Joakim Bendal, Daniel Jøsok Kvalsvik, Anders Per Vågsholm, Knut Erik Håheim · Dei fleste på Bergsøybenken var glade og fornøgde mot slutten av kampe…
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
Anders Per Vaagsholm lager en mur som Vigraspelaren ikkje skal kome se…
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Steffen Helsem Kvalsund · Sjå, Steffen Kvalsund har lært seg å skjerme ballen
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Vegard Sævik · Vegard peikar på linjemannen, men dommaren bles ikkje offside.
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Daniel Jøsok Kvalsvik · in av kampens store profilar, Daniel Jøsok Kvalsvik
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Daniel Jøsok Kvalsvik, Thomas Sætre Hauge · Målfeiring etter at Thomas Sætre Hauge har putta ballen imål
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Fredrik Muren · Fredrik Muren dreg seg innover i bana.
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Steffen Helsem Kvalsund · valsund fekk rom å drible i mot Vigra
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Anders Per Vågsholm · Anders Per Vaagsholm har forvirra seg inn i eit bilde fullt av Vigring…
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Terje Teige · Mynidg dommar Stensbu, med Terje Teige i bakgrunnen
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Bjørnar Gundersen · Det er ikkje det artigaste en kan være borti, å høyre at en har ein Bj…
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Fredrik Muren · Bergsøy hadde mange døballar, og spessielt cornerar mot Vigra.
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Anders Per Vågsholm · nders Per Vaagsholm fann ei lita luke mellom Vigringane og smatt seg i…
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Fredrik Muren · Fredrik Muren har ein eigen patent på korleis ein skal kaste ballen ov…
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Fredrik Muren · Fredrik Muren håpar å rekke tak i ballen før han trillar ut i høgremar…
🔍
Bergsøy - Vigra 4-1
👤 Steffen Helsem Kvalsund · Steffen Kvalsund huskar 2002 sesongen godt, men ikkje mange på dagens …
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
—
0 stemmer
Motstander
Kampinfo
Debutantar
Aldersprofil
Snittalder startellevar22,6 år
Snittalder tropp21,9 år
YngsteStian Toft Zahl · 16 år
EldsteFrank Sverre Skorpen · 30 år