Fekk ikkje av seg gifteringen – det kosta truleg Tornado Måløy sigeren i 3-3-kampen mot Bergsøy.
Gifteringen på høgrehanda til Tornado-spelar Birger Silden fekk uventa konsekvensar i 3. divisjonsoppgjeret mot Bergsøy, som enda 3-3.
Midtstopparen fekk først gult kort for å ha ropa «Jesus» då laget hans ikkje fekk corner. Seinare i kampen klaga kapteinen på Bergsøy på at han hadde på seg giftering.
Det enda med at dommaren gav han det andre gule kortet og viste han av bana, skriv Fjordenes Tidende.
Verden e galen. Det er synd å ryke på grunn av ein uskuldig, liten giftering.
Birger Silden til Fjordenes Tidende
Dommar Tor Ove Myrseth frå Sykkylven bekreftar at Silden fekk gult kort for å bruke ring, og peikar på regelverket.
Sjølv har Birger Silden ei enkel forklaring på kvifor han brukte ringen under kampen:
Eg har ring på begge hendene. Den eine, som er frå Sjøkrigsskulen, får eg av meg. Og den tok eg også av før kampen. Men gifteringen får eg ikkje av meg. Den har eg spelt med i alle år og det har aldri vore noko problem.
Birger Silden