Kampreferat
2011-08-20 • Serie – runde 19 • Kampnr 1155
Træff
Bergsøy
6-0
1-0 Jonas Rønningen (8) Heading
8'
2-0 Radek Bugaj (36)
36'
3-0 Ronny Fredriksen (46)
46'
4-0 Ola Andersen (50) Skudd
50'
5-0 Radek Bugaj (60) Straffespark Scora på andre forsøket
60'
6-0 Thomas Lyngbø (77)
77'
🟨 Darius Zutautas
🟨 Jim Kjellstadli
🟨 Kestutis Deveika
Referat
Med stortap 0-6 for Træff overtok Træff tabelltoppen, mens Bergsøy blei hekta av i kampen om opprykk. Bergsøy ligg no 7 poeng bak serieledaren. I denne kampen mot Træff var spelarane og trenarane til tider i harnisk over det dei meinte var partisk heimedømming, og var heilt klare på at dei meinte dette hadde stor innverknad på kamputfallet. Særlig to av måla var etter klar heimedømming, meinte dei.

-"Særlig 2-0 scåringa var svært kontroversiell, og i tillegg delte dommaren bokstavelig talt eit straffespark til heimelaget i andre omgang. Når dei ikkje scåra på det første forsøket så fekk dei prøve på nytt. Slik dømming er med på å ødelegge kampane og skaper frustrasjon "
(Trenar Per Rune Tødenes)

Bergsøylaget har hatt mange utskiftningar, og manglande kontuinitet i fleire av kampane denne sesongen, og i denne kampen mangla lagets samlingspunkt Kjetil Paulsen som har reist til USA for studier. Mot slutten fekk juniorane Martin Falkanger og Joakim Bakke Muren prøve seg. Denne kampen spelte faktisk Bergsøy med 5 juniorspelarar.

1-0 til Træff kom tidlig, etter 8 minutt sto Jonas Rønningen umarkert og fekk headde imål. Bergsøy var fullt på høyde i denne perioden, og Daniel Kvalsvik hadde mulighet til å utlikne. Istaden var det Træff som kunne gå opp til 2-0 på ei hårreisande dommaravgjerdsle. 3 spelarar på Træff sto i offside, og linjemannen markerte også tydelig for dette. Bergsøyspelarane stoppa dermed opp, men dommaren Grøtta vinka spelet vidare. Dermed fekk Radek Bugaj fritt sette inn 2-0 målet. Træff var heldige som kunne gå til pause med 2-0.

Då Træff gikk opp til 3-0 ved Ronny Fredriksen like etter pause gikk lufta noko ut av Bergsøy, og så kom 4-0 ved Ola Andersen etter at han styrte ein corner inn i mål. 5-0 kom altså på eit feilaktig straffespark, før 6-0 kom eit kvarter før slutt.

Bergsøy stilte med følgande spelarar: (Mangellfull)
Daniel J Kvalsvik, Jim Kjellstadli, Darius Zutatutas, Martin Falkanger, Joakim Bakke Muren, Kestitus Deveika, Sander Nyland
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
4
30,8%
Uavgjort
5
38,5%
Tap
4
30,8%
Mål
12–16
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 13. kampen mot Træff.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Fred Frantzen (4 mål)
    Træff: Radek Bugaj (3 mål).
Form siste 5 totalt
2–3
T
Hødd2
2011-06-30
2–1
S
Brattvåg
2011-07-08
2–1
S
Stranda
2011-08-07
1–1
U
Larsnes/Gursken
2011-08-12
0–6
T
Træff
2011-08-20
Form siste 5 vs Træff
1–1
U
Træff
1982-05-01
2–0
S
Træff
1982-08-08
1–4
T
Træff
2011-05-01
0–1
T
Træff
2011-05-07
0–6
T
Træff
2011-08-20
Laget
Registrerte spelarar. Start: 6 · Innbyttarar: 2
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
👨‍⚖️
Marius Hansen Grøtta
👥
🔗
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Træff – lagoppstilling
Jonas Rønningen, Radek Bugaj, Ronny Fredriksen, Ola Andersen