Bergsøy - Hareid 1-3 (1-1)
1-0 Sondre Nygård Olsen (7), 1-1 James Sjåstad (43), 1-2 James Sjåstad (49), 1-3 Kim Andre Gangeskar (58)
Havila Stadion Fosnavåg - 14.06.2024
Bergsøy: Sondre Nygård Olsen
Hareid: William Fjørtoft
Martin Javier Solheim (Emblem Idrettslag)
Vi har kome til den tida på året igjen når Bergsøy kan hente tre gratis poeng ifrå naborivalen Hareid. Iallfall har dei seks siste oppgjera mot Hareid endt med Bergsøysiger, og Hareid har ikkje ein einaste siger mot Bergsøy dei siste 17 kampane. Vi må tilbake til 2005, året Google Earth blei lansert og Grays Anatomy kom på tv-skjermen for første gang - for å finne sist gang Hareid vann over Bergsøy.
Bergsøy har heilt sidan første sesongen (1953/54) klubbane møttest hatt eit godt tak på Bergsøy. Den gang vann Bergsøy 6-1 borte og 9-1 på heimebane.
Totalt har laga møttast 53 gangar i seriespel der Bergsøy har vunnet 32 av kampane - noko som tilsvarer 60% vinnersjanse. 8 gangar har det endt i uavgjort, og 13 gangar har Hareid vunnet. Bergsøy har en målforskjell på 125-70 mot Hareid, noko som betyr at Bergsøy i snitt scorar 64% av måla.
Av desse 125 måla har vi 44 forskjellige registrerte målscorere der Daniel Jøsok Kvalsvik er mestscorande Bergsøyspelar mot hareid med sine 8 mål, mens Frank Sverre Skorpen og Kolbjørn Wickstrøm har scora 6 mål kvar mot Hareid. Mestscorande i ein enkeltkamp mot Hareid var Kolbjørn Wickstrøm då han scora 5 mål mot Hareid i ein 6-0 siger i 1960, mens Preben Hestad scora 4 mål mot Hareid i 2006-sesongen.
På 26 kampar på heimebane har Bergsøy 17 sigerar, 4 uavgjort og 5 tap mot Hareid med en målforskjell på 72-33.
Kampen
Så skjedde det altså, at Hareid skulle klare å slå Bergsøy i ein fotballkamp på A-lagsnivå igjen. Det hadde vore over 18 år og 11 månadar sidan sist det skjedde. Nesten 7000 dagar. Det er mange på A-laga som ikkje engang var fødde sist dette skjedde.
Dette var dermed første gang at Hareid har klart å vinne på Havila Stadion. Bergsøy har omtrent 60% vinnarstatistikk på Havila Stadion , og på 125 seriekampar har Bergsøy no 75 sigrar, 23 uavgjort og 27 tap på Havila Stadion.
Idet Kim Andre Gangeskar fastsatte resultatet til 1-3 på Havila Stadion så var dette også mål nummer 1000 som Bergsøy har fått imot seg totalt på heimebane i seriespel. Målforskjellen til Bergsøy på heimebane i serien totalt sidan oppstarten i 1952 er no 1702-1000.
Bergsøy og Hareid har no møttast i 54 seriekampar, og dette var 6 gang på 27 forsøk i at Hareid har klart å vinne i Fosnavåg.
Totalt har no Bergsøy 32 sigerar, 8 uavgjort og 14 tap mot Hareid med en målforskjell på 126-73.
Vedlegg til kampen
KAMPREFERAT