Bergsøy - SIF/Hessa 3-0 (3-0)
1-0 Sander Bøe (7), 2-0 Jonathan Mulelid (Sjølvmål 9), 3-0 Sander Vike (43)
Havila Stadion Fosnavåg 03.05.2024
Ben Rossiter og
Aureal Adedapo Abidoye for Bergsøy
For SIF: Markus Håndlykken.
Øystein Ytterland
Bergsøy A-lag fotball må riste av seg to tap og 10 baklengsmål på dei to siste kampane idet dei møter Sif/Hessa til ny seriekamp på fredag. Også ifjor var dette lagets fjerde seriekamp for året, og den gangen vann SIF/Hessa med 3-2 på Havila Stadion. Det var eit bittert tap der den siste scoringa kom nokre sekund før slutt.
Bergsøy og SIF/Hessa har møtt kvarandre 11 gongar sidan Skarbøvik og Hessa slo seg sammen, og det har resultert i 6 sigerar 1 uavgjort og 4 tap for Bergsøy sin del. Når laga har møttast i Fosnavåg har det endt med 3 sigerar og 3 tap, så hittil har dette historisk våre rein fifty-fifty.
Mange mimrar tilbake til 1970 tallet og kampane Bergsøy og Skarbøvik hadde den tida, og då var Bergsøy ganske suverene på heimebane mot Ålesundslaget. Mellom 1974 og 1984 var det berre i 1981 at laga ikkje møttest, og Bergsøy tapte aldri på heimebane mot SIF i denne perioda: 7 sigerar og 3 uavgjort.
Det står i kontrast til dei siste tre møta Bergsøy har hatt heime mot SIF/Hessa som alle har resultert i tap i sesongane 2021, 2022 og 2023 med en målforskjell på 5-9.
Men for Bergsøy så er det berre å kjøre hardt på mot et SIF/Hessa som etter 3 kampar hittil ligger sist på tabellen med 1 uavgjort og 2 tap.
Kampen
1-0: Sander Bøe med frispark som går gjennom feltet og rett i måle.
2-0: Sander Bøe med en fantastisk corner som en SIF spelar heada i eget mål
3-0: Dapo går forbi to mann og gir ballen til Sander MV. Han går innover og setter ballen i lengste. Fint mål
Vedlegg til kampen
KAMPREFERAT