Frank Sverre Skorpen 3, Jarl Åge Wågsholm, Karl Bjarte Vike , Martin Molnberg
20.05.2002, Bergsøy Stadion
Jarl Åge Vågsholm
Tor Bjermeland
Omtrent 200 tillskuerar
Bergsøy toppar tabellen etter 4 strake sigerar
Kampreferat
Bergsøy gikk til topps på tabellen etter å ha utklassa Ha/No 2.pinsedag.
Bergsøy var sprudlande med stor løpsstyrke i den offansive delen. Særlig mot slutten av kampen var bortelaget i total oppløysing, og med meir konsentrasjon kunne vi fort ha hatt eit tosifra resultet.
Gjestane hadde faktisk ikkje ein einaste kvalifisert målsjanse gjennom heile kampen!
Bergsøy har 17-3 i målforskjell på 4 kamper, og vi må også langt tilbake i tid for å finne sist Bergsøy låg på toppen av 3.divisjon.
Denne gangen hadde 200 tillskuere møtt opp for å sjå på Bergsøy, og dei såg ut til å storkose seg i sommarværet.
Det tok imidlertid 24 minutt før den første scoringen kom. Jarl Åge Wågsholm scora etter litt klabb og babb i feltet. To cornere gjorde også at Karl Bjarte Vike og Martin Molnberg fekk kvar si scoring før pausen.
Etter pausen greidde Bergsøy å halde presset oppe. Rune Frantsen fikk sin debut i Bergsøydrakta etter sitt Hødd-opphold, og viste at han kan være viktig frammover.
Etter at Steffen "Giggs" Kvalsund hadde køyrt karusell med gjesteforsvaret, men skøt utanfor- var det duka for Frank K Skorpen show.
I løpet av de siste 25 minutta scora formsterke Frank tre mål. To av måla etter å elegant ha venda vekk to forsvarere før han sette ballen i hjørnet.
Det tredje kom frå kort hald etter litt klabb og babb. Det krydde rett og slett i Bergsøytilbod mot slutten, men det stoppa på 6-0.
Laget;
Martin Løseth, Marvin Kopperstad, Arve Leine, Lars Conradi Andersen, Steffen Kvalsund, Martin Molnberg, Jarl Åge Wågsholm, Christoffer D Nilsen, Karl Bjarte Vike, Frank K Skorpen og Roy Igesund.
Innbyttarar; Knut Erik Håheim, Rune Frantsen, Anders-Per Wågsholm og Mons Arne Kvalsvik.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp