Treningskamp 2007

Måla
Nokra bra mål.
Spenninga
Jamn kamp på Hødd KGB
Underholdning
Finspel var det kanskje ikkje.
Totalt
Fin gjennomkjøring
Hareid - Bergsøy 3-2 (2-1)

: Frank Sverre Skorpen 2
: Harald Haugen, Bjørnar Gundersen, Torbjørn Kleiven
: Ingen
15 tilskuarar
: Ukjent,
: Frank fekk ei stempling.

Laurdag den 10.mars 2006 på Hødd Kunstgrasbane.

Pre-match omtale.

Bergsøy hadde slått Tjørvåg 10-1 i Huldalen onsdagen før, og hadde med seg sjølvtillit inn i denne kampen. Med unntak av Jørn Kvalsvik (skitur), Gustav Pettersen (skade) og Kjetil Paulsen (overgang til Hødd) så var Bergsøy fulltallige i forhold til dei tidligare treningskampane. Øyvind Humberset starta kampen i mål, medan Magne Havnen, Martin Molnberg, Terje Teige og Andreas Konningen danna forsvaret. Harald Haugen starta på venstrekanten, Bjørnar Gundersen og Vegard Sævik danna den sentrale midtbana, og Håvard Remøy starta på høgrekanten. På topp var det Frank Sverre Skorpen og Daniel Hatløy som starta.

Hareid meldte at dei hadde fleire forfall til kampen, og berre ein innbyttar. Per Ståle Nykrem som spelte for Tjørvåg mot Bergsøy på onsdag spelte også mot Bergsøy denne dagen for Hareid. Ifølge Vikebladet har Per Ståle Nykrem, tidligare Bergsøy spelar, sagt ja til å spele for Hareid denne sesongen. Vi er elles usikre på nivået på årets Hareid-lag, som ser ut til å være opptatte av kva spelarar som eventuelt kan kome å forsterke laget foran seriestart til 3.divisjon.


(Bildet: Terje Teige, ex-BIL spelar Remi Helleseth, og Bjørnar Gundersen i sprang.)


Kampen: Første omgang.

Tom Beddari satte igang kampen og dømte dei første minutta fram til dommaren kom på plass. Mange vil nok meine det hadde vore best om Tom fortsatte å dømme også resten av kampen, da dagens hovuddommar gjorde endel merkelige avgjerdslar etter at han kom på plass. Spesiellt Hareid var misfornøgde med dømminga, slik dei ofte er idet dei får frispark imot seg etter tacklingar. Den harde Hareid-stilen har vore velkjent i mange år, men er kanskje ikkje like tydelig lengre. Den gode midtbaneterrieren Kim-Tore Husøy er kanskje unntaket. En spelar som spelar tøft og kjempar for laget, og som også er flink til å kome i scoringsposisjon. Bergsøy hadde imidlertid god kontroll i starten av kampen, og det var slett ingen divisjonsforskjell på laga.


(Bildet: Håvard Remøy, Kim Tore Husøy og Martin Molnberg.)


Det var slett ikkje mot spelets gang at Bergsøy gjekk opp i 1-0 ledelse etter et frispark. Målet var et klassisk Wimbledon mål med klabb og babb i feltet før ballen endte hos Frank Sverre Skorpen som fekk slengt seg og styrt ballen inn til 1-0. Det skulle ta bortimot seks minutter til før vi såg Hareid hadde det første skuddet mot Bergsøymålet, et skudd som forøvrig suste langt utanfor. Så veldig sjanserik var ikkje omgangen, eller kampen for den del, og Bergsøy hadde fin kontroll på laget ifrå divisjonen over. Med ett unntak vel å merke; døballar.


(Bildet: Hareid var flinkare på frisparksituasjonar og cornerar. Her trudde mange at stillinga blei 1-1 etter frispark frå venstre, men målet blei annulert for offside..)


Det skulle først bli et skremmemål etter frispark, men målet blei annulert for offside. Så skulle det ikkje være mange minutter mellomrom frå en tilsynelatande delvis trygg 1-0 ledelse til et frustrert 1-2 resultat. Utligningsmålet kom etter corner, og to spelarar raga høgast i jakta på ballen. Desverre for Bergsøy var begge to Hareid-spelarar, og spelaren som fekk pannebrasken på ballen var Karsten Melø. Like etter var det en glipp sentralt på midtbana som gjorde at Hareid kunne kontre lynraskt, og det lukta farlig straks tversoverpasninga blei snappa opp. Remi Helleseth skulle tilslutt bli spelt fri, og skuddet endte i det lengste hjørnet bak Øyvind Humberset. Øyvind hadde forøvrig også ei flott enhåndsredning i denne omgangen.


(Bildet: Hareid utlignar til 1-1 etter corner. Bergsøy må bli bedre i duellespelet på døballar..)


Kampen: Andre omgang.

Bergsøy gjorde nokre bytter til den andre omgangen, og inn kom Arve Kvalsvik i mål og Steffen Kvalsund på topp. Vi fekk også sjå Lars Conradi Andersen som høgreback i Bergsøydrakta igjen, noko som vi håpar vi får sjå meir til utover i sesongen om det passar seg slik med jobb og utdannings-planane til Lars. Andre Lima og Torbjørn Kleiven blei også å sjå på bana ut i omgangen. Men det tok ikkje lang tid etter pausen før Bergsøy fekk seg en ny bakoversveis. Denne gangen var det et frispark som blei dunka rett forbi muren og inn i nettet, eksekutør var tidligare nemnte målfarlige Kim Tore Husøy.


(Bildet: Vegard Sævik i midtbanerolla til Bergsøy. Blir det Vegard og Bjørnar som får det nye midtbaneansvaret sentralt denne sesongen?..)


Bergsøy kom tilbake i medvinden og Vegard Sævik satte Steffen Kvalsund på løp etter veggspel. I duellen mot forsvaret oppdaga dommaren en hands, og det endte i straffespark til Bergsøy. Frank Sverre Skorpen satte ballen kaldt og rolig i mål til 2-3 redusering, og Bergsøy var inne i kampen igjen. Vi tør å påstå at Hareid ikkje var farlige etter dette, og at Bergsøy var en god del meir inne på Hareid sin banehalvdel enn det Hareid var på Bergsøy sin banehalvdel. Mot slutten av kampen var det Hareid som stadig lurte på om ikkje tida snart var ute, mens Bergsøy fokuserte på å skape målsjansar offansivt. Martin Molnberg holdt seg også oppe i angrep dei siste få minutta av kampen idet Bergsøy hadde en liten sluttspurt.


(Bildet: På et ungt Bergsøylag er Harald Haugen god rutine å ha med seg. Harald kan spele både i forsvar og på midtbanen.)


Frank Sverre Skorpen var nærme å rekke ballen på gjennomspel, men største sjansen til utligning var det nok Steffen Kvalsund som hadde etter gjennomspel av Frank Sverre. Skuddforsøket med høgrefoten braut ikkje lydmuren, og skremte heller ikkje Hareid sin solide keeper Vagn. Det blei berre nesten for Bergsøy, men det var likevel positive ting å ta med seg vidare. Dette var en kamp Bergsøy med hell kunne klart uavgjort i, eller vunnet.

Kampen: Oppsummering.

Treningskampar er meint som god læring foran seriekampane, og for å få på plass et lag. Denne kampen lærte en at en ikkje kan slappe av på døballar imot, da det tilslutt blei dette som skilte laga resultatmessig. Bergsøy scora to mål mot Hareid, og i bakhånd har Bergsøy også fjorårets toppscorar Gustav Pettersen som trulig vil være i trenings og kampdrift igjen ut i den komande uka etter et overtrakk. Forsvarsmessig gjorde Bergsøy en bra kamp, men enkelte gangar såg en også at pasningsspelet defansivt kunne skape problemer for laget. Skumle og upresise tversoverpasningar må lukast bort både i forsvar og på midtbanen. Tunellforsøk i forsvar blei også slått ned på av trenar Tom Beddari. No blir det spennande å sjå korleis kunstgrasdekket vil slå ut for laget, et dekke som om ei 2 ukes tid sikkert vil stå klart for trening.


(Bildet: Magne Havnen tilbake på laget etter langs skadeavbrekk.)




 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Øyvind Humberset    Keeper        -
  Magne Havnen    Høgre Back        -
  Martin Molnberg    Midtstopper        -
  Terje Teige    Midtstopper        -
  Andreas Konningen    Venstre Back        -
  Håvard Remøy    Høgre Ving        -
  Bjørnar Gundersen    Sentral Midtbane        -
  Vegard Sævik    Sentral Midtbane        -
  Harald Haugen    Venstre ving        -
  Daniel Hatøy    Angripar        -
  Frank Sverre K Skorpen    Angripar        
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
 Øyvind Humberset  (45)    Arve Kvalsvik    (45)
 Andreas Konningen  (45)    Steffen Kvalsund    (45)
 Magne Havnen  (xx)    Lars Conradi Andersen    (xx)
 Harald Haugen  (xx)    Torbjørn Kleiven    (xx)
  Håvard Remøy  (xx)    Andre Lima    (xx)





1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat