Fotball er mer enn bare en lek

Om laga

Nedanfor følger en viss presentasjon (Alfabetisk) av laga som stiller under Junior-KM. Til no har vi fått på plass presentasjon av følgande lag:

* Bergsøy, * Brattvåg, * Hareid, *Herd, * Hødd, * Langevåg, * Norborg, * Rollon, *Spjelkavik, * Stordal, * Stranda, * Vigo, * Ørsta, * Åram/Vankam.

Bergsøy

Bergsøy har heimefordelen med publikumsstøtte på tribuna, men egentlig er dette ikkje nødvendig. Bergsøy sitt juniorlag har nemlig fleire av dei aller største talenta på Sunnmøre, og kan gå heilt til topps i turneringa. Kjetil Paulsen har spelt fast på A-laget dei siste to sesongane i 3.divisjon, og er også en ganske lettbeint innendørsspelar. Det viste han også ved å bli toppscorer for laget i Førdecup da juniorane tok bronsje. Terje Teige blei årets spelar på A-laget, og er den yngste spelaren gjennom tidene i Bergsøy til å få den utmerkelsen. Gustav Pettersen var delt toppscorar ilag med meir rutinerte Preben Hestad på Bergsøy sitt A-lag iår, med sine 10 mål. Vidare har spelarane Jørn Kvalsvik, Arve Kvalsvik, Håvard Remøy, Andre Lima og Bjørnar Gundersen fått sine smakebitar på A-laget, og er alle spelarar som vi sikkert får sjå mykje meir av neste sesong.

Det som vil bli viktig er at kvar enkeltspelar jobbar for at laget skal bli bra. En vinn ikkje KM berre med enkeltprestasjonar, laget må prestere i heilheit. Det er fleire spelarar som ikkje er nemnt her som heilt sikkert vil vise seg fram som viktige under årets JR-KM. Blant anna Joakim Bendal er en spelar som mange spår ei flott framtid. Om lagets rutinerte stjerner klarer å kome opp imot sitt beste så kan det bli svært underholdande for heimepublikummet. Vi håpar å sjå et juniorlag som viser fram lagmoral, fair play og vinnarvilje. Slike turneringar er noko en ser tilbake på med glede når en er ferdig med aldersbestemt fotball, så med topp innsats så får en håpe at Bergsøyjuniorane om nokre år vil sjå tilbake på årets JR-KM med ekstra fin vinnerglede.


Brattvåg IL

Brattvåg er det andre laget frå Haram kommune som stiller i årets Inne-km for juniorar. Brattvåg har eit ganske ungt mannskap. 3 guttespelarar som har tatt steget opp til juniorlaget. Men ikkje nok med det, 2 av dei spelar fast for det nyopprykka 3 divisjonslaget til brattvåg. Så dei spelarane som ein bør sjå opp for på dette laget er nettopp desse talenta, og kaptein Sindre Dalhaug. Ein spelar med ei kraftig venstreslegge som kan gjer slik at Brattvåg kan bli årets KM-vinnarar.

Trenar Stig Ekanger var klar i sin tale om kven han trudde ville vinne km`et. ”Om Hødd og AaFK stiller med sine antatt sterkaste spelarar, kjem ein av dei til å vinne”. Brattvåg sine ambisjonar for turneringa er med sportslige auge å nå lengst muleg med alle dei 3 laga som dei stiller med, og sosialt sett å ha ein kjekk fotball-weekend i Fosnavåg. Brattvåg blir å finne frå laurdag til søndag i kystbyen, der dei skal avslutte sesongen sin.

Brattvåg stilte med 2 lag i serien i år. Eit i nordeaserien, og eit i 2 divisjon. I nordeaserien tok dei ein fin 2.plass, bak AaFK og foran Bergsøy. Medan 2 divisjonslaget tok seg til ein grei 7.plass. Og trenar Ekanger kunne også fortelle at laget kom seg til 2.runde i NM.

I intervjuet spurte eg Ekanger om dei stiller eit toppa lag? Og hvilket av dei 3 laga er det antatt beste? Ekanger ville ikkje gi nokon kommentar på dette. Så om det er ”ugler i mosen”, får ein ikkje vite før turneringa startar.

Til slutt vil eg ønske alle Brattvåg sine 3 lag, lykke til med turneringa, og ønske dei ei fin-fin weekend i den fantastiske byen, Fosnavåg.

Hareid

Hareid som er regjerande mestarar frå inne-KM 2005 går ogsa i år for å vinne, samtidig som dei er ute etter å ha det artigt. Etter å slått Stranda heile 6-2 i fjorårets inne-KM må ein vell sjå på Hareid som ein av storfavorittane til årets KM, sjølv om dei har mista spelarar som Sven Erik Warholm, keeper Stian Myhrene, Joakim Moldskred, årets spelar på fjorårets KM Kjell Roger Skarshaug, og ikkje minst fjorårets toppscorar Ola Marius Rise. Likevel har Hareid eit knallsterkt lag med spelarar som Erdal Aydin, Magnus Snipsøyr, Joar Møller, Marius Slettebakk, Robin Jackson Indreflø, keeper Audun Orten og fleire lovande spelarar som har markert seg i årets 3.divisjon for seniorar. Ein må vell nesten ogsa ta med ”brilijanten” Benjamin Reite, kanskje ein av dei med størst finte repetoar av alle som kjem på årets KM? Etter ein prat med Robin Jackson Indreflø nevner han at Marius ”Riise” Slettebakk er ein av dei sentrale spelarane til Hareid. Men, sjansen for at han får strekk eller trakka over er meget stor! Det kan vell og ver lurt å halde eit ekstra auge med Magnus Snipsøyr med sin enorme fart og Joar Møller med sin fantastiske pasningsfot.

I årets Nordea serie skuffa Hareid med faktisk å kome på siste plass. Ein plassering som kanskje ”lyg” litt sidan dei heller satsa på å la fleire juniorar spele på a-laget og heller ta med fleire gutte spelarar på junior kampane. I 2 kampar spelte dei faktisk med kun 10 mann frå start, da medregna reserve keeper i startoppstillinga. I innendørs fotball er det heldigvis berre 5 spelarar på kvart lag i slengen…

Hareid skal som kjent spele åpningskampen mot Stranda2 fredags ettermiddag, og skal spele alle sine innleiande kampar på fredagen. Skulla dei da gå vidare til sluttspelet får dei also ”fri” på laurdag. Kanskje ein liten fordel her dersom dei møter lag som har spelt på laurdag og er litt meir utslitne?

Uansett ønsker vi Hareid lykke til i årets innendørs KM, og takkar Robin Jackson Indreflø for informasjonen!


Herd

Herd har alltid våre eit veldig godt lag, dei har som oftast endt opp høgt på tabellen. Dei har fått fram veldig mange gode spelarar. Så Herd er ein veldig god klubb med gode tradisjonar. Herd endte på 5. plass i Nordeaserien. Dei kunne ha endt opp høgare på tabellen, men mange av spelarane på juniorlaget spelar fast i 4. divisjon, så dei måtte bruke yngre spelara, så dei fekk ikkje brukt det aller beste laget deira, iallefall på slutten av sesongen. Men ein skal likevel ikkje ta lett på Herd.

Herd stiller med to lag på junior-km. Det første laget består av spelarar som har spelt på a-laget til Herd, det andre består av spelarar som har omtrent berre spelt i Nordeaserien for Herd. Så det er to gode lag, med mange gode spelarar. Nokon av spelarane som vi børr sjå opp for er: Henrik Sørensen, Eirik Dahlhus og Pål Erik Ulvestad. Dette er tre veldig gode spelarar, som sikkert kjem til å prege turneringa.

Målsettninga til Herd er at dei skal gjere sitt beste og kome seg så langt som mogeleg. Dei trur at det kjem til å bli vanskeleg å hamle opp med dei store laga, men dei skal gjere sitt aller beste.

Vi ønsker dei hjarteleg velkomne til Herøy, og lykke til på KM!

Hødd

Hødd Junior stiller med 2 lag til årets innekm i Herøyhallen. Lag 1 består av 8 spelarar frå junior elitegruppa til hødd, menst lag 2 er 8 spelarar som kjem frå det laget som tok ein fin 4 plass i Nordeaserien 1. divisjon. Hødd har mange gode spelarar, fleire har sluppet til i Adeccoligaen. Dei kan nevne spelarar som Ulrik Wingsternes, Vebjørn Skeide, Andreas Kurseth, Steffen Oksnes Elde, Andreas Brune Rekdal, Torgeir Rusten, Joackim Magnussen og Eivind Mikal Myklebust. Dei to sistnevnte er gode spelarar innandørs. Joackim med sin glimrande teknikk og rå fysikk. Han var meget go da Hødd kom heilt til juniorfinalen under Skåcup i Danmark. Han herjet med motstandarane, og vart toppscorar i turneringa. Eivind Mikal har nettopp vårte kamp klar etter å ha våre skada sidan sommar. Han har et enormt rykk, og glimrande teknikk. Ein typisk parkettspelar som må passast godt på.

Når Hødd stiller kampklar i Herøyhallen, går dei for å vinne heile turneringa. Men som trenar Einar Magne Skeide seier, er det små marginar som avgjer. Laget må vere bra bakover, halde laget samla og score på kjangsane dei får utdelt.

Hødd har ikkje prioritert Nordeaserien for junior, målsetjinga var 4 plass (pga. seeding under kvalikken) men det holdt så vidt. Borteseieren mot Brattvåg redda målsetjinga. Dei som spelte i nordeaserien, er ikkje med i junior-elite stallen som består av dei beste spelarane frå 16 -19 år. Prioriteringa til Hødd junior var i år 3 divisjon, der har dei stilt med omtrent reint junior-elite lag + spelarar som tilhører A-stallen. Det kan også nemnast at Hødd kom heilt til 4 runde i juniorNM, der blei dei utslått av Kil/Hemne. Men det, nådde dei opp til målsetjinga.

Einar Magne blir ikkje overraska om Bergsøy, AAFK, Hareid eller Hødd vinn innekm for juniorar. Nåke vi likar svært godt ;)


Langevåg

Langevåg har ikkje satsa noko på junior lag i år, og har heller ikkje hatt junior lag på to år då dei hadde eit samarbeid med MSIL og FIL. Men dei har tre spelarar på årets KM lag som har spelt mykje på 3 divisjonslaget til Langevåg.

Nøkkelspelaren til Langevåg er Andreas Havnegjerde. Ifølge Havnegjerde sjølv er det han som scorer alle måla, han som er den beste spelaren og han som er best i alt. Havnegjerde satsar også på tittelen som toppscorer i årets KM. Ein anna spelar vi må sjå opp for er Kristian Molvær. Han har spelt fast på backen på 3 divisjonslaget til Langevåg og skal etter ryktene vere veldig kjapp og veldig sterk.

Langevåg stiller med kun 1 lag i årets KM. Troppa til Langevåg vil truleg sjå slik ut : Egil Gresdal , Andreas Havnegjerde, Espen Nordstrand, Kristian Molvær, Roar Hide. Langevåg satsar på å gjer eit godt KM og håper på å ta førsteplassen.

Norborg

Det har ikkje våre noko satsing på juniorlaget frå Haram kommune i år, men har klart, med ulike tropper frå kamp til kamp å ta ein sterk 2.plass i årets 2.div for juniorar, noko som trenar Kristian Søviknes meinar er heilt ok, med tanke på at laget har gjennomført berre 5 reine juniortreningar gjennom sesongen.

Årets inne-km i Herøyhallen tek dei som ei sosial avslutning på sesongen, og satsar på same taktikk som i fjor. Gå på bana for å gjere sitt beste, å så får det gå som det går. Det viktigaste er å underhalde publikum, geniale tunnelar, herlige dragningar og susande skudd er noko vi får sjå mykje av frå juniorlaget til Norborg når dei kjem til Fosnavåg, fortel Søviknes.

Nøkkelspelaren til Norborg er Fredrik Furnes. Eit stort talent når det gjeld spel på parkett. Ein spelar med eit godt skudd og ein god teknikk. Dette er ein spelar alle lag bør sjå opp for, presiserar Søviknes.

Norborg trur Brattvåg kjem til å ta 1.plassen i årets inne-km framfor Stranda. ” Men min personlige favoritt er Bergsøy, fordi dei er av dei mest sympatiske laga å møte” (sitat:Søviknes) Norborg tok i fjorårets inne-km ein sterk 3.plass, så vi får ønske ”dei nattarbeidande bakarane” frå Norborg lykke til med km`et.

Rollon

Rollon jr. er eit lag som satsar stort. Juniorlaget består for det meste av 1-års juniorar og ein del svoltne guttespelarar. Med berre 5 siste års juniorar er dette eit lag som satsar framover noko som trenar Stig Norheim har presisert ved tidlagere høve. Dei kjem til Herøyhallen med to lag, eit toppa og eit mindre toppa, men med over 30 spelarar i stallen bør dei ha nok å ta av til å bygge opp to solide lag og kan så absolutt overraske. Rollon fekk på samme måte som Bergsøy oppleve å måtte ta den harde vegen ned til 4.divisjon på seniorsida. Og på juniorsida, der dei stilte to lag i 2.div vart det 3.plass på fyrstelaget og 10.plass på andrelaget.

Dei viktigaste spelarane for Rollon i dette KM`et kjem til å vere Aleksander Ervik, Kristian Tafjord og Henrik Hoff, dersom dei kjem. Dette er kvalitetsspelarar som har ei bunnsolid 3.divisjonserfaring og har bidratt mykje der. Er vel også vert og nevne Ole Martin Refsnes, Kristian Iversen og Øyvind Olsen som alle var på bana i den spetakulere 4-3 opphentinga dei hadde føre seg på Høddvoll KGB her ein forleden dag. Ikkje veit eg korleis laga dei stiller vil sjå ut men tek dei med seg dei beste har dei absolutt ein sjans til og overraske alle og ein kvar.

Det er vel ikkje å gjøyme bak ei fuglekasse at der ikkje er mange som regnar Rollon som nokon seriøs utfordrar til sunnmøres beste innendørsklubb men ballen er sikkert nok ein rund diadoraball og inne kan alt skje. Norheim har også uttalt seg om at spelarane hans vil framstå med ein enorm aggresivitet og ei løpsvilje som i samme klasse som Øyvind Leonardsen. Med eit seriøst trenarteam beståande av trekløveret Robert Furshaug, Per-Amdrè Olsbø og sjefen sjøl, Stig Norheim har `rollongutta` ei ramme rundt laget som få.

Til slutt vil eg ønske Rollon lykke til i det komande kretsmeisterskapet og om ikkje akkurat be til vår høge herre om at dei dreg i land den gjevaste pokalen så håpe at dei for ei fin oppleving her ute.

Spjelkavik

Spjelkavik har gjennom hele sesongen slitt med en tynn juniorstall, og har ved flere tilfeller måtte benytte seg av 2- eller flere guttespillere. Samtidig har de hatt 5 juniorspillere i a-stallen, som har spilt mer for a-laget enn juniorlaget gjennom sesongen. I tillegg til disse 5, har de med 2-3 andre juniorer, og noen guttespillere.

Spjelkavik tok som kjent en fin 6. plass i 3.divisjon, etter å ha mistet flere sentrale spillere rundt sommertider.

Finn Alvestad som vi tidligere kjenner fra Aafk og Pål Harnes som kom fra Herd, skal vi være obs på under årets junior-km. Begge har kjapperykk, og spesielt Alvestad er utstyrt med en slepen teknikk.

Spjelkavik stiller da med andre ord med ett medet sterkt lag med stor erfaring fra 3. divisjon. Det kan fort vise seg at Spjelkavik stiller med et av de bedre laga i junior-km

Stordal

Stordal har ikkje hatt eit junior lag i serien på over 15 år, men dei hadde eit samarbeid med Ørskog i 2004 og 2005. A-laget deira består av 10 junior spelara frå 19 til 16 år, det er dei som kjem til Herøy hallen for å spele. 3 av disse var med guttelaget til Norway Cup og vann B-finala.

Stordal sitt A-lag var for fire år sidan i 3. divisjon, men etter eit stort generasjonsskifte i laget fall dei ned til 5. divisjon etter to år. Men i år rykte dei opp frå 5. divisjon og spelar neste år i same divisjon som Bergsøy.


Stranda IL

Stranda skal vell mest sannsynleg stille med 2 lag i årets Junior-Km. Eit toppa og eit mindre toppa. Eit revansjesugent lag som nok er ute etter å ta heim gullet etter fjorårets tap i finalen mot Hareid.Vi tek for oss førstelaget. Stiller nok den samme troppa som i fjor,men etter litt research så har ikkje dette blitt bekrefta enda. Stranda er eit fysisk sterkt lag som kjem nok til å verte eit av dei laga som scorar flest mål i årets Junior-Km,dei fleste vil nok stå i regi av årets toppscorar i 4 divisjon Ronnie Furset,men skal ikkje sjå bortifrå at Kato Vangen og Steffen Lilleås heng seg på toppscorartittelen saman med Furset.

I dei bakre rekker kjem nok Stranda til å stille med Kim Vangen,Stig Tore Lied etc..Dette er spelarar som markerte seg godt i fjor og som ellers har vore solide gjennom heile sesongen for Stranda sitt a-lag. Sisteskansa Aril Hagen Ravnøy som kjem i frå Konnerud,Drammen,Oslo,Volda og Stranda kjem til å bli den viktigaste spelaren,er han på det samme nivået som i fjor,så kjem Stranda på minst topp 3. Ellers så florerer det rykter om at 88-generasjonen har fått bil lappen så vi vil vere heldige om dei greier å stille til start i første kamp.Men etter tidlegare opplevingar så har mora til Steffen reist dagen før for å vere sikker på å rekke fram.

Vårt tips:Topp 3

Vigo

VIGO har no hatt jr-lag i 2 år, og trenar for dette laget er Erlend Holm. Dei fleste kjennar kanskje han frå Aafk? Så dette bør være ein mann som kan lyfte VIGO til nye høgder. I år har VIGO spelt i 2 div, og hær enda dei opp som vinnar av divisjonen. Dette bør vell sjåast som ein stor prestasjon av eit lag som berre har hatt jr-lag i 2 år!! ”Vigo e et samarbeid mellom Vigra og Godøy so e inne i sitt andre år. Samarbeidet blei oppretta for å gi alle et kamptilbud. Utgangspunktet for trening og kamp er en kombinasjon mellon hardt arbeid og det å ha det gøy. Det er masse treningsvillige spelera, som har utviklet seg godt i år. Det er hovedårsaken til at vi vant 2.div 2006” Sitat Erlend Holm. VIGO stille i år 2 lag og har ei mål om å komme lenger enn i fjor. Då dei rauk ut for Hareid i kvartfinalen på golden goal. Vi har etter eit hardt press på Erlend Holm klart å få pressa ut Holm`s utvalgte

Lag 1 består av: Robin Rørseth, Jan Arve Roaldsnes, Sven Harald Nyvoll, Kristian Alnes, Eirik Grønmo, Trond Brynestad, Anders Molnes, Kenneth Kjevik, Øyvind Skarseth

Lag 2 består av: Øyvind Magelsen Godø, Marcus Megrund, Fredrik Valderhaug, David Molnes, Dag Solholm, Trond Willy Flaaen, Ruben Austnes, Fredrik Valkvæ, Haakon Aarøe, Severin Dyb Alnes.

I følge Holm er Trond Brynestad den store stjerna på 1 laget. Han har fullført ein veldig god sesong for A-laget til Godøy, og bør absolutt vær ein mann å sjå opp for når det heile startar |17 november. Ellers kunne han trekke fram Kenneth Kjevik som kanskje mest er kjend for sitt gode forhold til dommaren Mathias Kringstad hær ute på øyane, men denne Kjevik har og andre egenskapar han vart i år toppscorar for Vigra sitt a-lag i 5 divisjon. Ein sterk prestasjon. Keeperen til VIGO spelar og fast på Vigra sitt a-lag. Kanskje det er akkurat denne mannen som kan overraske i årets km. Kanskje kan han sette på plass bergsøys kjepphøge Arve Kvalsvik som den beste keeperen på Sunnmøre?

VIGO har hatt 2 innetreninar i veka sidan 10 oktober, pluss dei har deltatt i Dahle Cup der dei rauk ut i kvarfinalen etter ein dårlig kamp. Kanskje er VIGO det laget som er best trent innandørs? Med dette trenings grunnlaget og ein 1 plass i 2 divisjon i år er kanskje VIGO ein av dei laga som kan overraske i årets KM. Etter kvartfinale tapet i fjor burde det i allefall være eit sjølvsikkert VIGO som møtar opp i herøyhallen den 17-19 november.

Erlend Holm sin favoritt til å vinne årets KM er overraskande nok Hødd. Dette kjem som ein stor overraskelse frå den tidlegare Aafk spelaren.

Vi ønsker VIGO lykke til i årets KM, og takkar Erlend Holm for intervjuet.


Ørsta

Ørsta har hatt låg prioritering rundt juniorlaget det siste året. Denne sesongen har dei spelt i 2.div, der dei enda opp på 6. plass. Dette må seiast å vere under par av ein profilert klubb som Ørsta.

Laget dei skal stille med på KM viser seg å vere vanskeleg å finne ut av fordi det ikkje er fastsatt, men A-lags spelarar som Cato Steinnes, Tony Ristesund og Kai Robin Myklebust.

Før årets sesong kom Thomas Lid Kleppe tilbake til ørsta etter eit opphald i Hødd si elitegruppe. Dette vil nok vere ein av Ørsta sine beste spelarar.

Ørsta kjem til Fosnavåg med eit lag, og vi ynskjer dei hjarteleg velkomne.

Åram/Vankam

Åram/Vankam har ikkje lag på aldersbestemte nivå, men stiller eit KM-lag beståande av juniorane som spelte på A-laget denne sesongen. Klubben stiller med sju spelarar, som til saman hadde langt over 100 A-kampar i år. Tre av dei, Martin Eikremseter, Erlend Larsen og Trond Helge Takset, kom til klubben frå Hødd før forrige sesong. Keeper Trond Helge Takset sat på benken ved eit par høve i Adeccoligaen, og skulle såleis vere en god sisteskanse.

Alle har vore ein suksess i den grønkvite drakta. Sigve Støylen og Elling Flister er andreårsjuniorar som spelte kvar einaste seriekamp frå start i sesongen som gjekk. Kenneth Bellen og førsteårsjunior Kent Ove Kragset er spelarar ÅVK ventar seg mykje av i framtida. Åram/Vankam sender med andre ord et godt lag til junior-KM, som dei ventar vil gi dei meir profilerte juniorlaga sterk motstand.